Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale

UNIVERSITETET I BERGEN FAKULTETET FOR NATURVITENSKAP OG TEKNOLOGI · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
UNIVERSITETET I BERGEN FAKULTETET FOR NATURVITENSKAP OG TEKNOLOGI
Location
Bergen
Posted
August 13, 2026

About this job

Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Forskar i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale Ved Matematisk institutt, i forskingsgruppa for porøse medier, er det ledig ei stilling som forskar innan anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. For perioden 2027–2031 er stillinga i hovudsak finansiert gjennom dei Forskingsrådsfinansierte sentera «Center for Sustainable Subsurface Resources» ( CSSR ) og « gigaCCS », der Universitetet i Bergen er partnar. Fast tilsette forskarar blir likevel oppmoda til å bidra til å sikre eiga ekstern finansiering, og på lengre sikt kan stillinga bli finansiert gjennom ein kombinasjon av prosjekt innan forskingsgruppa. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Den som blir tilsett, vil spele ei sentral rolle i forskingsgruppa sitt arbeid innanfor begge dei nemnde sentera. Viktige arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere: Utvikling og matematisk analyse av løysarteknologi for simulering av fleirfaseflyt i deformerbare geologiske porøse medium. Viktige utfordringar og moglegheiter knytte til sentera sine bruksområde omfattar: a) Operasjonar med variable og/eller sykliske injeksjonsprofilar. b) Lagring av CO₂ med varierande grad av ureiningar både i CO₂ og i reservoarvæskene. c) Storskala operasjonar på tvers av fleire felt med betydeleg mekaniske interaksjon. Rettleiing av ph.d.- og masterstudentar med avhandlingstema som er relevante for den pågåande forskinga, både som hovudrettleiar og medrettleiar. Bidra til integrering av aktivitetane i sentera, mellom anna gjennom deltaking i utarbeiding av årlege arbeidsplanar og rapportering. Bidra til formidlings- og kommunikasjonsarbeid, både retta mot samfunnet og mot industripartnarane. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innan berekningsretta og anvendt matematikk, eller doktorgrad innan eit nært tilgrensande fagområde (til dømes berekningsfysikk, bygg- og miljøteknikk eller informatikk), og kunne dokumentere tilsvarande kompetanse innan berekningsretta og anvendt matematikk. Søkjarar som har levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen vil òg bli vurderte. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Forskingserfaring på høgt nivå innan numerisk analyse og partielle differensiallikningar er eit krav. Forskingserfaring på høgt nivå med utvikling av simuleringsteknologi er eit krav. Forskingserfaring på høgt nivå innan anten fleirfaseflyt i porøse medium eller geomekanikk er eit krav. Erfaring med anten CO₂-lagring eller petroleumsteknologi er ein fordel. Erfaring med open vitskap og FAIR-forskingspraksis er ein fordel. Erfaring frå rettleiing av studentar er ein fordel. Evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering er ein fordel. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Gode norskkunnskapar, eller i eit anna skandinavisk språk, er ein fordel. Alle tilsette får høve til å delta på kurs for å lære norsk, og vi forventar at dei lærer norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år. I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Stillinga er underlagd følgjande vilkår Forskaren vil vere medlem av den forskingsgruppa som fagområdet for stillinga høyrer til. Som hovudregel skal løn, driftskostnader og forskingsaktivitetar for forskaren vere fullt finansierte gjennom eksterne løyvingar og prosjekt. Forskaren er venta å bidra aktivt til å sikre ekstern forskingsfinansiering både for eigne aktivitetar og for det breiare forskingsmiljøet. Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med. Viktige finansieringskjelder er mellom andre Noregs forskingsråd og Den europeiske unionen (EU). Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt Forskaren kan ha administrative oppgåver og delta i komitéar og andre utval ved Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga omfattar ikkje undervisningsplikt. Den som blir tilsett, er likevel venta å bidra til rettleiing av masterstudentar og ph.d.-kandidatar der dette er ein naturleg del av aktivitetane i forskingsgruppa. Dersom den eksterne finansieringa som ligg til grunn for stillinga fell bort, vil grunnlaget for stillinga ikkje lenger vere til s

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free