Ringevikarar

Vindafjord kommune Ølen skule · Ølen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Vindafjord kommune Ølen skule
Location
Ølen
Posted
August 13, 2026

About this job

Me søker: Ringevikarar til Ølen skule og SFO. Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande. Hovudarbeidsoppgåver: Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga. Kvalifikasjonar: Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar. Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg. Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper. Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår. Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer. Me kan tilby: Variert arbeid i eit positivt miljø Faglege utfordringar og utvikling som fagperson God opplæring og samarbeid med andre Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning) Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Om Ølen skule: Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar Ligg sentralt til i Ølen Me har eit aktivt og engasjert personale Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free