Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent hausten 2026
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE OPPVEKST, FAGSTAB FELLES SATSINGAR · Os, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- BJØRNAFJORDEN KOMMUNE OPPVEKST, FAGSTAB FELLES SATSINGAR
- Location
- Os, Norge
- Posted
- August 10, 2026
About this job
Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønskjer å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden? Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular. Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe. Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar. Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid. Arbeidsstad Skulane i Bjørnafjorden kommune Arbeidsoppgåver Arbeid med barn i grunnskulen Kvalifikasjonar Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir: Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans. Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. Eigenskapar Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at: - du har eit positivt menneskesyn - du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne - du er positiv og lærevillig - du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk Vi tilbyr - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand: Offentlig tjenestepensjon - et verdifullt gode - Storebrand Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card