Vil du bli vår nye maskinsjef?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS · Bogen I Ofoten

This opening is no longer available

The employer has taken it down, or it stopped appearing on the job board we collected it from. Here is what is open right now for the same kind of work.

This listing was open for 132 days.

Company
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Location
Bogen I Ofoten
Posted
May 17, 2026

About this job

Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget. Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid. Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande. Arbeidsoppgåver Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav. Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem. Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt. Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks. Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument. Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav. Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Allsidig erfaring som maskinsjef Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Attrakive velferdsordningar og tilsettgoder. Kontaktinformasjon Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver,, Arbeidsstad Bognes - Skarberget 8539 Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5131579368 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free