Tilkallingsvikar
Avdeling Lepsøy barnehage, Haram kommune · Kjerstad
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Avdeling Lepsøy barnehage, Haram kommune
- Location
- Kjerstad
- Posted
- July 14, 2026
About this job
Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag - for både barn og tilsette. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer. Herunder: Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barnet Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om Følge opp den rettleiinga ein får Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar Kvalifikasjonar Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest. Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27. Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar blir vektlagt Personlege eigenskapar Vi søker deg som: Har eit ønske om å arbeide med barn Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner Trivast i ein aktiv kvardag Er glad i å vere ute Er positiv, fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyr Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak Løn etter tariff Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar Kontaktinformasjon Eirin Buner Otterlei, Styrar,, Arbeidsstad Lepsøyvegen 23 6292 Kjerstad Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5151534353 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 31.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Pedagogiske ledere · Trollskogen Barnehage Bjørndal
- Ekstrainntekten for deg over 18 · Teknobingo Fauske As
- Er du leken, engasjert og ambisiøs? Vi søker pedagogisk leder! · Læringsverkstedet Forus Barnehage
- Kreativ frisør søkes: Bli med i vårt team på Rykkinn · Team Hårsenter As
- Helsesekretær Hamar Øyelegesenter · Øyelege Øyvind Mattsson As
- Billakkerer · Sky Rekruttering As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card