Sjukepleiar med sans for onkologi

Kirurgisk og medisinsk, Odda sjukehus · Odda

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kirurgisk og medisinsk, Odda sjukehus
Location
Odda
Posted
November 23, 2026

About this job

Odda sjukehus søkjer ein fagleg dyktig og engasjert sjukepleiar til ei 100 % fast stilling, delt mellom medisinsk og kirurgisk døgnpost og kreftpoliklinikken. Stillinga gir ein variert arbeidskvardag med pleie, behandling og oppfølging av pasientar på døgnpost og ved kreftpoliklinikken. Kreftpoliklinikken tilbyr kreftbehandling som cellegift, antistoff og immunterapi, i tillegg til konsultasjonar og anna støttebehandling. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og får høve til å utvikle kompetansen din. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg på døgnpost. Kreftpoliklinikken har drift på dagtid, måndag til torsdag. Kva går jobben ut på? Sjukepleie og oppfølging av pasientar ved medisinsk og kirurgisk sengepost. Administrering og oppfølging av kreftbehandling ved kreftpoliklinikken. Observasjon, behandling og dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar. Tverrfagleg samarbeid med legar og andre helseprofesjonar. Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta. Arbeid kvar tredje helg ved medisinsk og kirurgisk sengepost. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg. Erfaring frå overvaking eller tilsvarande klinisk arbeid er ein fordel. Relevant vidareutdanning er positivt, men ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som er fagleg trygg og ansvarsbevisst har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner arbeider sjølvstendig og strukturert er løysningsorientert og fleksibel bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø har interesse for fagleg utvikling og pasientbehandling av høg kvalitet Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Kvifor skal du velje oss? Ein spennande stilling med kombinasjon av sengepost og kreftpoliklinikk. Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver. Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving. Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons og forsikringsordningar. Bu og lev i Hardanger Odda ligg vakkert til ved Sørfjorden i Hardanger og byr på spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Her finn du aktivitetar året rundt, frå fjellturar og skikøyring til kajakkpadling, klatring og friluftsliv. Trolltunga ligg i nærområdet, og regionen er kjend som ein av Noregs flottaste destinasjonar for natur- og friluftsinteresserte. Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Sjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5195820160 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 217 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication75% of postings
  • Palliative Care16% of postings
  • Hygiene11% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free