Helsefagarbeider 80%
Alver kommune · Isdalstø
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Alver kommune
- Location
- Isdalstø
- Posted
- November 22, 2026
About this job
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeider i en 80 % fast stilling til Stallanemarka burettslag. Stillinga inneber arbeid med kortvakter i vekedagene og langvakter på 12,5 timar kvar 4. laurdag og sundag. Oppstart er etter avtale. Om oss Stallanemarka burettslag husar 10 fantastiske mennesker, og er staden der både bebuarar og tilsette bidreg til å skapa eit bumiljø som er like solid som husveggene – og minst like hjartevarmt. Hos oss får du ein arbeidskvardag der du både utviklar faget, utviklar deg sjølv og gjer ein tydeleg skilnad. Her blir du sett og støtta – og du får bidra i eit miljø som heiar på kompetanse, refleksjon og humor. Du møter ei samansveisa faggruppe som lever etter mottoet: «Det er lov å le – helst ofte!». I denne stillinga får du bruke deg sjølv og fagkompetansen din på ein måte som gjer ein reell forskjell. Du bidreg til tryggleik, føreseielegheit og ein meiningsfull kvardag for bebuarane. Som helsefagarbeidar arbeider du for å fremje sjølvstendiggjering, medverknad og meistring, og du støttar bebuarane i å ta eigne val. Du blir del av eit engasjert lag som spelar kvarandre gode – og du får bruke dei relasjonelle og faglege styrkane dine i eit arbeid som verkeleg betyr noko! Arbeidsoppgåver Yte helsehjelp i tråd med vedtak og gjeldande rutinar. Gi praktisk hjelp, rettleiing og oppfølging i daglege gjeremål. Delta i miljøarbeid og gjennomføring av målretta tiltak. Følgje og leggje til rette for aktivitetar og deltaking i samfunnet. Utføre observasjon, dokumentasjon og rapportering. Ivareta primærkontaktoppgåver. Samarbeide med vernepleiarar, sjukepleiarar og anna fagpersonell. Rettleie og følgje opp lærlingar Krav til kompetanse Autorisasjon som helsefagarbeidar Førerkort kl. B. Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Det er eit føremon om du har: Erfaring frå arbeid i bufellesskap Gjennomført opplæring i legemiddelhandtering Kjennskap eller erfaring frå arbeid med personar i autismespekteret Kjennskap eller erfaring med ASK – alternativ og supplerande kommunikasjon Kjennskap til eller praksis frå arbeid etter helse‑ og omsorgstenestelova kapittel 9 Erfaring i rettleiing Digital kompetanse Interesse i fysisk aktivitet Kven er du? Du skaper tryggleik rundt deg, og kollegaer og brukarar opplever deg som varm, til stades og påliteleg. Du er strukturert, engasjert og tek ansvar på ein naturleg måte. Du ser potensialet hos brukarane og bidreg til eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Du deler kunnskap raust, liker å rettleie lærlingar og bygg gode relasjonar internt i avdelinga og eksternt med samarbeidspartnarar – noko som gjer deg til ein særleg verdifull ressurs. For å få eit mangfald i personalgruppa oppmodar me menn til å søkje. Me tilbyr Ein meiningsfull jobb med stor moglegheit til å påverke kvardagen til bebuarane! Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Systematisk rettleiing og oppfølging Årsturnus med moglegheit for innspel til eigen arbeidstid Kompetanseutvikling gjennom kurs og opplæring God pensjonsordning i KLP Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk i samsvar med ansiennitet: 475 300 - 551 100 2 dagers KomLab kurs Gratis parkering Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 218 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication73% of postings
- Palliative Care17% of postings
- Hygiene12% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Bli med å styrke seksuell helse! Vi søker en lege som vil gjøre en forskjell. · Sex og samfunn
- Behov for sykepleiere til akuttmottak · Dedicare AS
- Ledig fastlegehjemmel i Rogaland med gode ALIS-muligheter · Dignus Medical - Kletor AS
- Sykepleier søkes til nattoppdrag i sommer · Dedicare AS
- Fast sykepleierstilling i omsorgstjenesten på Utne · Dignus Medical - Kletor AS
- Fast sykepleierstilling i Jondal med Hardangerfjorden som nærmeste nabo · Dignus Medical - Kletor AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card