Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet
Heimetenesta, Stad kommune · Stadlandet
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Heimetenesta, Stad kommune
- Location
- Stadlandet
- Posted
- November 22, 2026
About this job
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her! Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging. Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter. Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast. Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga. Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Arbeidsoppgåver Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer Tverrfagleg samarbeid Praktisk bistand Samarbeid med pårørande Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart. Kvalifikasjonar Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B. Personlege eigenskapar Gode kommunikasjonsevner Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og godt i team Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø Høve til fagleg utvikling Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad Kommune i minst eitt år kan søkje lånekassa om å få sletta delar av studielånet sitt Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Kontaktinformasjon Hanne Kristin Teige Otneim, Avdelingsleiar heimetenesta,, Anne-Lise Teige, Einingsleiar heimetenesta,, Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5213425934 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 13.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 218 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication73% of postings
- Palliative Care17% of postings
- Hygiene12% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Helsefagarbeider med hjerte for aktiviteter · Medvind Assistanse AS
- Ergoterapeut med hjerte for friluftsliv søkes · Medvind Assistanse AS
- Fysioterapeut som liker å gå på ski søkes · Medvind Assistanse AS
- Glåmdal HMS-tjeneste søker bedriftsfysioterapeut i 80% fast stilling · Glåmdal Hms-tjeneste Kongsvinger
- Tilkallingsvikar aut. helsesekretær/aut. helsearbeider Inderøy legekontor · Inderøy Legesenter As
- Helsefagarbeider natt - Bølgen/Mellombølgen · Bodø kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card