Er du vår nye helsefagarbeider?
Sikkerhetspost Valen Sjukehus · Valen
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sikkerhetspost Valen Sjukehus
- Location
- Valen
- Posted
- November 22, 2026
About this job
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerheitsposten? Vi har ledig stilling som helsefagarbeidar hos oss! Det blir no bygd ny Sikkerheitspost ved Valen sjukehus, med planlagd opning neste år. Her får vi moderne og funksjonelle lokale som skal bidra til eit trygt og godt miljø for både pasientar og medarbeidarar. På Sikkerheitsposten får du jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står sentralt. Vi tilbyr spennande utfordringar, gode moglegheiter for fagleg utvikling, fleksible arbeidsplanar, tryggleikstillegg og tilgang til trimrom ved sjukehuset. Vi søkjer ein helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til auka meistring og betre livskvalitet for pasientane våre. Samstundes blir du ein del av eit støttande fagmiljø der vi heiar på kvarandre og ønskjer at alle skal lukkast. Kva vil du jobbe med? Sentrale arbeidsoppgåver ved avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko, samtidig som du gir omsorg og behandling av høg kvalitet. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, der miljøpersonale, psykiatar eller psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å finne balansen mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Vi arbeider kontinuerleg med kvalitets- og forbetringsarbeid, med særleg fokus på ernæring og aktivitet som del av behandlinga. Fagleg utvikling blir styrkt gjennom internundervisning, refleksjon og faglege diskusjonar. Kvar veke trenar vi på MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for å førebyggje og handtere situasjonar knytte til aggresjon og vald. Pasientane våre kan vere innlagde over kortare eller lengre tid. Uansett opphaldslengd får du god tid til å bli kjend med både ressursane og dei sårbare sidene til kvar enkelt. På grunn av krevjande situasjonar som kan oppstå, legg vi stor vekt på evna til å bevare ro, skape tryggleik og handtere utfordringar på ein profesjonell måte. 👉 Søk no og bli med på laget vårt! Kva går jobben ut på? Behandling tilpassa pasientens individuelle behov. Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp. Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik. Handtering av utfordrande åtferd. Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring. Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: er robust og kan handtere fysisk krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver trivst i eit aktivt og travelt miljø samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø etterspør rettleiing og er lojal til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Du får sikkerheitstillegg. Etter eitt år får du ei ekstra friveke. Fleksible arbeidstidsordningar med mogeleghet for langvakter Det blir gitt ekstra kompensasjon for å gå langvakter 16 helger Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring. Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke. Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø. Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. Kontaktinformasjon Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Sjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5209590210 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 13.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 213 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sjukepleiar - 100% fast - Meland sjukeheim · Alver kommune
- Lege i spesialisering - Radiologi · Avdeling for bildediagnostikk
- Kommunefysioterapeut 100 % fast · Balsfjord kommune
- Kyrkjehaugen bofellesskap - Vernepleier / sykepleier 100% · HV: Bo og Aktivitet Sør: Kyrkjehaugen puh-bolig, Stavanger kommune
- Har du et brennende engasjement for demensomsorgen og vil bli vår nye sykepleier eller vernepleier? · Lørensk.sykehjem-Losby-Finstad, Lørenskog kommune
- Helsefagarbeider 100% ved Balsfjord bo- og servicesenter · Balsfjord kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card