Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus
Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF · Kristiansund N
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Kristiansund N
- Posted
- November 19, 2026
About this job
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus? Vi har no ledig 2 x100 % fast stilling som miljøterapeut ved DPS Døgn Kristiansund, med tilsetting frå snarast. Arbeidet er i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer engasjerte, fagleg trygge og positive sjukepleiarar eller vernepleiarar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel. DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling. Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av personar med psykiske vanskar Delta i tverrfagleg miljø Delta/leie ulike pasientgrupper i miljøterapi, treningsgruppe, undervisning Administrere medikament Rettleie studentar og personale Undervise pasientar og personale Psykoedukasjon til pasientar og pårørande Ansvarsvakter med hovedansvar og kordinering for drift i miljøet Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande utdanning Sjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt Gode munnlege og skriftleg norskkunnskaper Førerkort klasse B Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du er fleksibel, initiativrik, kreativ og positiv Du trivast med friluftsliv og anna aktivitet Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her. Kontaktinformasjon Eli Skaug, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Norddalsveien 37 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5208412820 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 07.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 213 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Sjukepleiar - 100% fast - Meland sjukeheim · Alver kommune
- Lege i spesialisering - Radiologi · Avdeling for bildediagnostikk
- Kommunefysioterapeut 100 % fast · Balsfjord kommune
- Kyrkjehaugen bofellesskap - Vernepleier / sykepleier 100% · HV: Bo og Aktivitet Sør: Kyrkjehaugen puh-bolig, Stavanger kommune
- Har du et brennende engasjement for demensomsorgen og vil bli vår nye sykepleier eller vernepleier? · Lørensk.sykehjem-Losby-Finstad, Lørenskog kommune
- Helsefagarbeider 100% ved Balsfjord bo- og servicesenter · Balsfjord kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card