Vil du bli vår nye sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus

Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde · Nordfjordeid

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde
Location
Nordfjordeid
Posted
November 19, 2026

About this job

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 14.12.2026.. Oppstartsdato kan avtalast nærare. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode. Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass. Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din! Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut: Du tek imot, observerar og følgjer opp innlagde pasientar Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona) Du deltek på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav. Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg Vi ser etter deg som: Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet Gjer faglege vurderingar og spør om råd når du er i tvil Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Er nysgjerrig og ønskjer fagleg utvikling Trivst i ein til tider travel kvardag Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du: Opplæring tilpassa dine behov Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre Bidra til pasienttryggleik Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) Arbeidsstad Sjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5213404421 Stillingsprosent: 85% Fast Startdato: 14.12.2026 Søknadsfrist: 07.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 213 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free