Sjukepleiar
Sengepost Kirurgi 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF · Hjelset
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sengepost Kirurgi 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Hjelset
- Posted
- November 19, 2026
About this job
Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter! Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til kirurgisk sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar, og moglegheita til å vere med på utviklinga av eit nytt tilbod til kirurgiske barn. Kirurgisk sengepost ved SNR Hjelset består av både akutt og elektiv verksemd. Vi tek imot augeblikkeleg hjelp-pasientar innan ortopedi, urologi og øyre-nase-hals, i tillegg til kirurgiske augeblikkeleg hjelp-barn. Sengeposten har nyleg fått ansvar for kirurgiske barn, og vi er i gang med å byggje opp eit spennande fagmiljø innan kirurgisk behandling og oppfølging av barn. I tillegg har vi ein eigen 5-døgns elektiv sengepost som behandlar pasientar innan ortopedi, urologi, øyre-nase-hals, gastro, gynekologi og plastikkirurgi. Hos oss får du arbeide i eit breitt kirurgisk fagmiljø med stor variasjon i pasientforløp, tett tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige. Arbeidsoppgåver Sjukepleie til kirurgiske barn. Pre- og postoperativ oppfølging. Observere, vurdere og følgje opp pasientane sin kliniske tilstand. Planleggje, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team. Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande. Medikamenthandtering og gjennomføring av sjukepleieprosedyrar. Samarbeide tett med legar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp. Delta i kvalitets-, fagutviklings- og forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring frå arbeid i sengepost er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Erfaring med eller interesse for behandling av barn er ein fordel. Interesse for kirurgisk sjukepleie og tverrfagleg samarbeid. Gode kliniske vurderingsevner og evne til å arbeide kunnskapsbasert. God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Personlege eigenskapar Du er fagleg engasjert og oppteken av god pasientbehandling. Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team. Du er trygg i møte med barn og føresette. Du er ansvarsbevisst, strukturert og evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag. Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer. Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi tilbyr Ein spennande og variert arbeidskvardag Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kompetanse Sterkt tverrfagleg samarbeid med legar og andre faggrupper Moglegheit til å bidra i utviklinga av kirurgiske tenester og behandlingstilbod ved sjukehuset Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Cathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5201297918 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 03.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 213 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Glåmdal HMS-tjeneste søker bedriftsfysioterapeut i 80% fast stilling · Glåmdal Hms-tjeneste Kongsvinger
- Tilkallingsvikar aut. helsesekretær/aut. helsearbeider Inderøy legekontor · Inderøy Legesenter As
- Helsefagarbeider natt - Bølgen/Mellombølgen · Bodø kommune
- Vi søker sykepleier til Hjemmesykepleien avdeling Natt · Hjemmesykepleie vest, natt og praktisk bistand, Nesodden kommune
- Vil du bli vår nye sykepleier ?Du er faglig sterk og har hjerte for fremtidens eldreomsorg. · Lørensk.sykehjem - Fiolbakken, Lørenskog kommune
- Sykepleier/vernepleier 80% · Kanalvegen, Tilrettelagte tjenester, Ullensaker kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card