Fastlege x 2 - spesialist i allmennmedisin eller ALIS lege - Frekhaug legesenter
Alver kommune · Frekhaug
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Alver kommune
- Location
- Frekhaug
- Posted
- November 18, 2026
About this job
Hos oss kan du fokusere på pasientane, så tek vi ansvar for drift og administrasjon. Om dette høres interessant ut, så kan dette være den rette jobben for deg. Ved Frekhaug legesenter i Alver kommune har vi ledig to faste 100 prosent stillingar som kommunalt løna fastlege frå januar 2027. Vi søkjer både spesialistar i allmennmedisin og legar som ønskjer ei ALIS-stilling. Hos oss får du ei arbeidsveke på 37,5 timar, føreseielege rammer og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Kommunen tek ansvar for administrasjon, hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan bruke tida di på pasientane og gå heim når arbeidsdagen er slutt. Om Frekhaug legesenter Eit godt fagmiljø og ein arbeidsplass i utvikling Vil du bli ein del av eit godt fagmiljø? Ved Frekhaug legesenter er vi sju kommunalt tilsette fastlegar og ein LIS1-lege. I sommar fekk vi to nye kollegaer, og vi ønskjer fleire engasjerte legar velkomne til oss. Vi set av tid til fagleg utvikling og samarbeid. Kvar fredag møtest legane/kontoret frå kl. 08.15 til 09.30 for fagleg oppdatering, gjennomgang av interne rutinar og kurs. Vi jobber saman for eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø. Ein av fastlegane er fagkoordinator. På legesenteret møter du dyktige helsesekretærar, bioingeniør og sjukepleiar. Ein av helsesekretærane er driftskoordinator og har ansvar for daglege driftsoppgåver. Legesenteret ligg på Frekhaug og har godt innreidde lokale, med tenelege behandlingsrom og laboratorie. Vi har også Ultralyd apparat. Det er parkering i gangavstand frå bygget. Vi bruker journalsystemet Infodoc Plenario. Opnings- og arbeidstida er kl. 08.00–15.30. Ved behov kan vi avtale individuelt tilrettelagd arbeidstid. Alver kommune har organisert daglegevakt på Nordhordland legevakt i Knarvik. Alver kommune er godkjend utdanningsverksemd. Som ALIS-lege får du rettleiing gjennom utdanningsløpet. Du kan gjennomføre heile Alis-løpet hos oss, ein av våre sjukeheimar er godkjent som spesialisthelseteneste. Alver kommune sin plan for legetenesta kan du lese her: Plan for legetenesta i Alver kommune - Alver kommune Arbeidet med revisjon av planen for dei neste 4 åra er i gang. Arbeidsoppgåver Arbeid som fastlege Listelengde på om lag 800 pasientar for Alis lege, høgare listelengde for spesialist. Veiledning av LIS 1 legen rullerar mellom legane Kollegial fråværsdekning etter gjeldande avtale Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld, helg og natt. Offentleg allmennmedisinsk legearbeid eller daglegevakt på Nordhordland legevakt kan være aktuelt etter avtale i inntil 7,5 time pr veke. Spesialist må vere villig til å påta seg ansvar som veiledar for ALIS Korleis er det å arbeide som kommunalt tilsett fastlege i Alver kommune? Som kommunalt tilsett fastlege har du ei arbeidsveke på 37,5 timar. Vi ønskjer at legane som er tilsett hos oss skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid, og at det skal vere enkelt å gå heim når arbeidsdagen er slutt. Dersom du blir sjukemeldt eller har sjuke born, har du dei same rettane som andre tilsette i kommunen. Ved langvarig sjukefråvær er det vårt ansvar å skaffe vikar. Ved kortare fråvær nyttar vi kollegial fråværsdekning etter gjeldande reglar. Administrasjon og drift Vi tek ansvar for administrasjon av kontoret, inkludert hjelpepersonell og utstyr, slik at du kan fokusere på pasientarbeidet. Kompetanse og kurs ALIS-legar får lovpålagde og naudsynte kurs dekka gjennom ALIS-tilskot etter gjeldande regelverk. Fastlegar som er spesialistar og treng kurs eller vidareutdanning for å kunne jobbe som fastlege, får dette dekka av arbeidsgivar, i kombinasjon med søknad om midlar frå Fond II i Legeforeningen. Du får fri med lønn til lovpålagde og naudsynte kurs. Du har også rettar etter permisjonsreglementet, på lik linje med andre tilsette i Alver kommune. Legevakt Du vil delta i interkommunal legevakt ved Nordhordland legevakt på kveld, helg og natt. I gjennomsnitt har du to vakter per månad, og du får betalt timesats for arbeidet der. Vi har tilsett eigne legar som går reine nattevakter ved Nordhordland legevakt, noko som reduserer vaktbelastninga på natt for deg. Andre oppgåver Dersom det blir aktuelt med allmennmedisinsk arbeid eller daglegevakt ein dag i veka, vil talet på pasientar på lista bli redusert i tråd med mindre arbeidstid som fastlege. Kompetansekrav Norsk autorisasjon som lege Fullført LIS 1 ved oppstart Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette Kven er du? Vi søkjer deg som er engasjert i allmennmedisin og ønskjer å gjere ein forskjell for pasientar i alle aldrar. Du møter menneske med varme og respekt, lyttar til behova deira og byggjer gode relasjonar. Du samarbeider godt med kollegaer og andre tenester, og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler gjerne kunnskap og erfaringar, er open for å lære av andre og ser verdien av faglege diskusjonar. Du er løysingsorientert og handterer både travle dagar og akutte situasjonar på
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 213 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Ergoterapeut med hjerte for friluftsliv søkes · Medvind Assistanse AS
- Fysioterapeut som liker å gå på ski søkes · Medvind Assistanse AS
- Glåmdal HMS-tjeneste søker bedriftsfysioterapeut i 80% fast stilling · Glåmdal Hms-tjeneste Kongsvinger
- Tilkallingsvikar aut. helsesekretær/aut. helsearbeider Inderøy legekontor · Inderøy Legesenter As
- Helsefagarbeider natt - Bølgen/Mellombølgen · Bodø kommune
- Vi søker sykepleier til Hjemmesykepleien avdeling Natt · Hjemmesykepleie vest, natt og praktisk bistand, Nesodden kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card