Helsefagarbeidar i 100% fast stilling – Grandane bufellesskap

Årdal kommune Bu og miljøtenesta · Årdalstangen

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Årdal kommune Bu og miljøtenesta
Location
Årdalstangen
Posted
November 17, 2026

About this job

Ynskjer du ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv? Grandane bufellesskap søkjer ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til gode tenester, har evne til å byggje trygge relasjonar og som kan stå støtt i situasjonar der åtferd kan vere utfordrande. Arbeidet inneber tett oppfølging av personar med samansette behov. Nokre av tenestemottakarane kan i periodar vise åtferd som utfordrar, og det er viktig at du er trygg, tolmodig og evnar å stå i krevjande situasjonar over tid. Me søkjer difor medarbeidarar som kan møte sterke kjensleuttrykk med ro, respekt og fagleg refleksjon, og som er opptekne av å forstå kva åtferda uttrykkjer og kva behov som ligg bak. Dette er ei stilling som gir moglegheit til å gjere ein stor forskjell for menneske som treng stabile, trygge og engasjerte medarbeidarar rundt seg. Arbeidet krev tolmod, fagleg nysgjerrigheit og evne til å halde fast ved gode relasjonar også når dagane er krevjande. Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og ulike oppfølgings- og bistandsbehov er ynskjeleg Erfaring med åtferd som utfordrar er ein fordel Bilsertifikat Lang og relevant erfaring frå arbeid med åtferd som utfordrar kan vege opp for manglande formell kompetanse. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: Er trygg, roleg og løysingsorientert i utfordrande situasjonar Har gode evner til å byggje tillit og stabile relasjonar Er tolmodig og uthaldande, også når utvikling skjer i små steg Kan handtere uforutsette situasjonar på ein profesjonell måte Er trygg på eigne reaksjonar og tek imot rettleiing og attendemeldingar på ein konstruktiv måte Kan arbeide både sjølvstendig og i team Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me tilbyr Eit fagleg spennande og meiningsfullt arbeid Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø God og trygg opplæring tilpassa arbeidsoppgåvene og tenestemottakarane du skal arbeide med Fagleg rettleiing og oppfølging Moglegheit for fagleg utvikling Lange vakter Årsturnus Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Tilsetjing Tilsetjing skjer så snart som mogleg. Det kan bli andre ledige stillingar som følgje av interne tilsetjingar. Oppgje gjerne i søknaden dersom du også er interessert i andre stillingsstorleikar eller vikariat som måtte bli ledige. Velkommen som søkjar! Me gler oss til å høyra frå deg! Andre opplysningar: Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free