Vi søkjer overlege til eit sterkt fagfellesskap

BUP Haugesund · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
BUP Haugesund
Location
Haugesund
Posted
November 16, 2026

About this job

Vil du bidra til å utvikle framtidas barne- og ungdomspsykiatri? 🌱 Hos oss får du som overlege høve til å gjere ein reell forskjell for barn og unge… og du får med eit inkluderande arbeidsmiljø på kjøpet. BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Avdelinga er òg godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/ Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Vi har om lag 56 behandlarstillingar, inkludert 8 overlegestillingar og 7 stillingar for legar i spesialisering. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med høg kompetanse, stort engasjement og god lagkjensle. Er du spesialisten som kombinerer fagleg kompetanse med varme og nysgjerrigheit? Då passar du hos oss. 👉 Søk no for å bli med på laget! Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom frå 0 til 18 år (pasientforløp). Kontakt med og rettleiing av foreldre og instansar rundt barn og unge. Deltaking i bakvaktordning for legar. Rettleiing av LIS, undervisningsoppdrag, rettleiing av studentar og anna helsepersonell. Vere ansvarleg spesialist for ikkje-spesialistar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Dokumentert norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innan barne- og ungdomspsykiatri. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Erfaring med relevante IKT-system er ønskeleg, særleg DIPS, Meona og Microsoft 365. Erfaring med vedtaksarbeid. Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid i BUP. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: Er pasientorientert og engasjert. Er god til å samarbeide og til å dele kunnskap med andre. Er strukturert, og trivst med å arbeide sjølvstendig og i høgt tempo. Er god til å tenkje nytt, finne løysingar og omstille deg raskt når det trengst. Har god gjennomføringsevne og tek ansvar. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring. Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling. Regelmessig internundervisning. Arbeid i tverrfagleg team. Sosiale aktivitetar som felleslunsj. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden Kontaktinformasjon Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar/Psykologspesialist, Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær,, Gabrielle Leah Dickson, Konsulent,, Arbeidsstad Vinjes gate 10 5522 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5204088424 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free