Vernepleiar eller sjukepleiar i 100% fast stilling

Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune · Sykkylven

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Location
Sykkylven
Posted
November 16, 2026

About this job

Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar? Då kan du vere akkurat den vi leitar etter! Vår avdeling Klokkerhaugen bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 15.02.2027. Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg. Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining, som i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter, støttekontakt og avlasting privat. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Arbeidsoppgåver Miljøterapeutisk og helsefagleg arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod Bistand til daglege gjeremål Planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat Planlegge, kartlegge, dokumentere, evaluere tenestetilbodet Kontakt med interne- og eksterne samarbeidspartnarar Primær- og sekundærkontaktarbeid Legemiddeladministrasjon Samarbeid med pårørande/verge Journalføring i EPJ Eventuelt koordinatorfunksjon Eventuelt arbeid med Kap 9 HOTL og PBRL § 4A Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar Kvalifikasjonar Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Førarkort klasse B Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøterapeutisk arbeid Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering som kan utfordre Kunnskap om kap 9 HOTL og kap 4A PBRL Det er krav om politiattest av ny dato ved tilsetting Personlege eigenskapar Du har evne til å arbeide målretta og strukturert Du er fleksibel og løysingsorientert Du har har god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Du held deg fagleg oppdatert, som og inkluderar at du fyl eininga sitt årshjul for kompetanse Du viser stort fagleg engasjement og er ein aktiv bidragsytar til dette Du er lojal, har evne og vilje til etisk refleksjon og god arbeidsmoral Personleg eignaheit vert vektlagd Vi tilbyr Utviklingsorientert felleskap Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Kontaktinformasjon Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar,, Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene,, Arbeidsstad Haugneset 20 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5211740584 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free