Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik

Alver kommune · Isdalstø

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Alver kommune
Location
Isdalstø
Posted
November 12, 2026

About this job

Trivst du med ansvar, koordinering og ein kvardag der mykje skal fungere saman? Då kan dette vere den rette stillinga for deg. Vi søkjer ein strukturert, engasjert og erfaren helsesekretær til funksjonen som driftskoordinator ved nyoppretta legesenter i Knarvik i Alver. Hos oss får du kombinere ordinære helsesekretær oppgåver med koordinering av den daglege drifta. Du får vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter og får høve til å påverke og forme både tenestene, arbeidsmåtane og kulturen frå starten av. Om det nye legesenteret Det nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret. Det er og god buss- og båt forbindelse til Bergen Sentrum. Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret tilsett vi helsesekretær, sjukepleier og driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten. Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester slik at pasientane kjenner seg velkomne og vert møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service. Ledige legeheimlar vert kunngjort innan kort tid. Om stillinga Vi søkjer ein strukturert og engasjert helsesekretær med funksjon som driftskoordinator. Stillinga er fast i 100 %, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30. Driftskoordinatorfunksjonen utgjer om lag 30 prosent av stillinga. Resten av arbeidstida inngår du i den ordinære drifta som helsesekretær. Funksjonen inneber ikkje formelt leiaransvar eller leiarmynde, men omfattar koordinerande oppgåver som er delegerte av einingsleiinga. Vi ser for oss oppstart av legesenteret våren 2027, truleg i april. For driftskoordinator kan det bli aktuelt med tidlegare oppstart for å bidra i etableringsarbeidet. Nærmare tidspunkt blir avtalt med den som blir tilsett. Intervju planlegg vi å gjennomføre før jul. Som driftskoordinator får du ei nøkkelrolle i oppbyggingsfasen. Du skal bidra til god flyt, kvalitet og samhandling, og vere med på å etablere rutinar, arbeidsformer og struktur før og etter at legesenteret opnar. Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du både møte pasientar i resepsjonen, handtere telefonførespurnader og følgje opp koordinerande oppgåver som skal få drifta til å fungere godt. Du rapporterer til assisterande einingsleiar eller einingsleiar, som har personalansvaret for dei tilsette. Arbeidsoppgåver planleggje og følgje opp den daglege drifta i samråd med einingsleiar og assisterande einingsleiar koordinere og fordele daglege oppgåver innanfor avklarte rammer og ut frå kompetansen i teamet bidra til å utarbeide, kvalitetssikre, oppdatere og innføre rutinar, prosedyrar og sjekklister leggje til rette for god pasientflyt og godt samarbeid mellom forkontoret og legane bidra til opplæring av nytilsette og vikarar etter gjeldande sjekklister og rutinar melde frå til assisterande einingsleiar eller einingsleiar om utfordringar i drifta, avvik og behov for kompetanseheving eller avgjerder ha oversikt over ferie, kurs, avspasering og anna fråvær delta i arbeid med internkontroll, HMS og kvalitetsforbetring følgje opp utvalde administrative oppgåver innan til dømes IKT, økonomirutinar, varebestilling, laboratoriedrift og systemadministrasjon delta i ordinære helsesekretæroppgåver, mellom anna resepsjon, telefon, laboratoriearbeid og arbeid på skiftestove Kvalifikasjonskrav Du må ha: norsk autorisasjon som helsesekretær minimum tre års relevant erfaring frå drift av legekontor god digital kompetanse og interesse for journalsystem, kvalitetsystem og administrative verktøy god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Der er ein fordel om du og har: god forståing for drift av legekontor, pasientflyt og mellom ulike faggrupper erfaring med å koordinere arbeidsoppgåver og utvikle rutinar erfaring med Infodoc erfaring med telefontriagering erfaring med internkontroll, HMS eller kvalitetsarbeid Kven er du? Du har yrkesstoltheit og ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg, og følgjer opp oppgåver til dei er gjennomførte. Du blir motivert av å byggje opp og skape struktur i ei teneste som er under etablering. Du kan ta initiativ og drive oppgåver og prosessar framover, samtidig

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free