Vernepleiar/miljøterapeut Selje/Stadlandet
Miljøtenesta, Stad kommune · Stadlandet
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Miljøtenesta, Stad kommune
- Location
- Stadlandet
- Posted
- November 10, 2026
About this job
Vil du vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stad kommune? Miljøtenesta Selje/Stadlandet har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/miljøterapeut. Er du autorisert vernepleiar, eller har du anna relevant treårig sosialfagleg utdanning? Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din, ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle gode tenester? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Hos oss får du høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra aktivt i utviklinga av tenestane. Vi tilbyr moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi meir samanhengande fritid og ein god balanse mellom arbeid og fritid. Miljøtenesta Selje/Stadlandet er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av personar som bur i eigen heim. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar, med ulike funksjonsnedsettingar og behov for støtte og tilrettelegging. Gjennom målretta miljøarbeid, fagleg engasjement og tett samarbeid arbeider vi for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, brukarmedverknad og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som tek initiativ, ser moglegheiter og vil bidra til å vidareutvikle tenestene våre. Dette er stillinga for deg som ønskjer ansvar, faglege utfordringar og høve til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneska vi gir tenester til. Arbeidsoppgåver Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer, og bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling Følgje opp miljøterapeutiske tiltak Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal Tverrfagleg samarbeid med kommunale og eksterne tenester Kvalifikasjonar Utdanning og autorisasjon som vernepleiar eller treårig sosialfagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Grunnleggande IKT-ferdigheiter Aktuelle kandidatar må ha førarkort klasse B Politiattest Personlege eigenskapar Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Vi tilbyr Godt tverrfagleg samarbeid Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø Høve til fagleg utvikling Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast. Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide tlf eller einingsleiar Ann-Charlotte Jansson tlf. Kontaktinformasjon Silje Sneide, Avdelingsleiar miljøtenesta ytre,, Ann Charlotte Jansson, Einingsleiar miljøtenesta,, Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5206559376 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Osteoporose-sykepleier · Poliklinikk for osteoporose, Bærum sykehus
- Sykepleier · Medisinsk divisjon, Gastromedisin og infeksjon post S302
- Sykepleiere til vakre Lofoten · Emploi Helse As
- Tannhelsesekretær søkes til vår trivelige praksis på Bærums Verk · Bærums Verk Tannlegesenter As
- Vi søker helsefagarbeidere til hjemmesykepleien! · Anonym arbeidsgiver
- Dedicare søker sykepleiere for oppdrag over hele Norge · Dedicare Nurse NO
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card