Helsesekretær/sekretær
Kirurgisk serviceseksjon Førde, Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Kirurgisk serviceseksjon Førde, Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- November 8, 2026
About this job
Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter. Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører helsesekretær- og pasientadministrative oppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, augeavdeling, kvinneklinikken, kirurgisk avdeling, ortopedisk avdeling, dagkirurgisk senter samt skopi- og kirurgipoliklinikken. Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2027 Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad, og ofte den første kontakten pasienten har med sjukehuset. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit. Du vil ha ei viktig administrativ rolle i pasientforløpet og bidreg til at kvardagen fungerer godt for både pasientar og behandlarar på sjukehuset. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi. Er du tilsett i Helse Førde og ønskjer å gjere gjeldande fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Arbeidsoppgåver Hos oss vil du mellom anna: svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, både på telefon og ved fysisk oppmøte utføre bestillingar, til dømes tolk og transport følgje opp vidare pasientforløp arbeide med timeoppsett, ventelister, fristbrot og økonomisk oppgjer registrere og dokumentere i digitale system som DIPS, Meona og CheckWare Kva kompetanse er viktig i den rolla? Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Erfaring frå arbeid i sjukehus vil bli vektlagt Det er ønskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS, Microsoft365, Meona og Orbit Personlege eigenskapar Kva ser vi etter hos deg? du tar ansvar og arbeider sjølvstendig du samarbeider godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet du tek initiativ og ser kva som må gjerast du klarer å prioritere og finne gode løysingar når det er travelt du arbeider strukturert og påliteleg du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein open og imøtekommande måte du lærer nye digitale system og arbeidsmåtar raskt Personlege eigenskapar vert vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst god opplæring i arbeidsoppgåvene og dei digitale systema vi bruker ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø med mange ulike oppgåver kollegaer som samarbeider godt og tek vare på kvarandre, også når det er travelt høve til fagleg utvikling gjennom kompetanseplanar, fagdagar og kurs gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Gitta Sas, Seksjonsleiar, Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207643175 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Medisinstudenter 3. og 4. året ønskes til å utføre delegerte sykepleieoppgaver - Sommervikariat 2027 · Bemanningsseksjon, Sykehuset i Vestfold HF
- Overlege FMR · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
- Ledig sykepleierstilling · Øksnes kommune Alsvågheimen
- Ledig stilling som helsefagarbeider, 82% fast · Gjestad 1, Ullensaker kommune
- Lege i spesialisering i Fysikalsk medisin og rehabilitering · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
- Overlege ved Avdeling for hjerneslag · MEDISINSK KLINIKK, St. Olavs hospital
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card