Sjukepleiar/vernepleiar
Avlastningsbustad for born, Haram kommune · Vatne
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Avlastningsbustad for born, Haram kommune
- Location
- Vatne
- Posted
- November 8, 2026
About this job
Butenesta i Haram har ledig 56,28 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning, stillinga er for tida på natt. Stillinga er ledig frå 1. januar 2027, eller etter avtale. Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid. Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje. Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette. Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk. Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga. Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov. Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå. Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT. Delta på personalmøte og andre relevante møte. Legemiddelhandtering. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar eller anna treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Erfaring frå arbeid med barn og unge med samansette hjelpebehov er ønskjeleg. Erfaring med åtferdsutfordringar, autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming. Kompetanse innan målretta miljøarbeid og miljøterapeutisk oppfølging. Kunnskap om lovverk knytt til helse- og omsorgstenester, herunder helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg. Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og samarbeid med pårørande. Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg. Erfaring med utarbeiding og oppfølging av tiltak, målplanar og vedtak er ønskjeleg. Førarkort kl. B. Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar. Det kreves også at personleg BankID eller ID-porten kan benyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen, mm) Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er: Trygg, omsorgsfull og relasjonssterk i møte med barn og unge. Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert. Evne til å arbeide sjølvstendig og ta faglege avgjerder. Strukturert og ansvarsbevisst. Fleksibel og løysingsorientert. Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling. Rom for å vere kreativ. Løn etter gjeldande tariffavtale. Kontaktinformasjon Janne Madelen Bergene, avdelingsleiar,, Linn Borgund, Tenesteleiar,, Arbeidsstad Ulvestadvegen 6 6265 Vatne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5202455160 Stillingsprosent: 56,28% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Lege i spesialisering, LIS3 - onkologi vikariat,100% stilling · Avdeling for blod- og kreftsykdommer, Helse Stavanger HF
- Medisinstudenter 3. og 4. året ønskes til å utføre delegerte sykepleieoppgaver - Sommervikariat 2027 · Bemanningsseksjon, Sykehuset i Vestfold HF
- Overlege FMR · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
- Ledig sykepleierstilling · Øksnes kommune Alsvågheimen
- Ledig stilling som helsefagarbeider, 82% fast · Gjestad 1, Ullensaker kommune
- Lege i spesialisering i Fysikalsk medisin og rehabilitering · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card