Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri

Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri Haugesund Sjukehus · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri Haugesund Sjukehus
Location
Haugesund
Posted
November 4, 2026

About this job

🌟 Har du lyst til å gjere ein forskjell? Vi har ledig ei 100 % dagstilling ved poliklinikken vår, og søkjer deg som ønskjer å bidra til best mogleg utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Hos oss møter du menneske med ulike behov og livshistorier. Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evna til å sjå mennesket bak sjukdommen. Kvardagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi støttar kvarandre, deler kunnskap og finn gode løysingar saman. 🤝 Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der kvalitet, utvikling og samarbeid står i sentrum. Vi legg til rette for fagleg vekst gjennom undervisning, fagdagar og tett samarbeid med både sengepostar og kommunehelsetenesta. 📚 💙 Ønskjer du å gjere ein forskjell for eldre pasientar, samtidig som du utviklar deg fagleg? Då håpar vi å høyre frå deg Kva går jobben ut på? Du vil mellom anna arbeide med: utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar gjennomføring av kognitive testar og kartleggingar oppfølging av pasientar i poliklinikk og samarbeid med sengepost i alderspsyatrien samarbeid med pårørande og kommunehelsetenesta undervisning, rettleiing og fagleg kompetansedeling bidra til gode pasientforløp og trygge overgangar mellom tenestenivå Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykiatri Vernepleiar med relevant vidareutdanning innan psykiatri Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ein fordel om du har: erfaring frå psykisk helsevern, alderspsykiatri eller arbeid med eldre erfaring med kognitiv utgreiing og kartlegging Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: er trygg og fagleg engasjert, og som held oversikta når arbeidsdagen er travel tek initiativ og bidreg til å finne gode løysingar saman med andre trivst i samarbeid og set pris på eit miljø der ein lærer av kvar andre likar å undervisa internt og ut mot kommunane Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: fagdagar, kurs og simuleringstrening som styrkjer den faglege utviklinga di ei positiv haldning til vidareutdanning, med tilrettelegging for vidare utvikling ein variert arbeidskvardag kollegastøtteordning og eit arbeidsmiljø der du ikkje står åleine eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Doreen Halleland, Avdelingsleder, Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5185060987 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 19.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free