Miljøterapeut/helsefagarbeidar i Victoriahagen
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand · Leikanger
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
- Location
- Leikanger
- Posted
- October 29, 2026
About this job
Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira? Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte. No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato: Fast tilsetjing: 1 x 70 % miljøterapeut 1 x 65,7 % nattevakt 1 x 84,51 % nattevakt Turnusordninga for miljøterapeut inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter. For nattevaktene vil det vere 10-timars vakter. Oppstart etter avtale. Korleis er det å jobbe i Victoriahagen? Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging. Me ynskjer å gi deg en best mogleg start hjå oss, og du vil difor få ein eigen mentor det fyste året ditt i stillinga. Målet vårt er å ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar. Arbeidsoppgåver: Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte: Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging Personleg assistanse og praktisk bistand Opplæring og rettleiing i dagleglivet Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar Dokumentasjon og fagleg oppfølging Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver. Kven ser me etter? For miljøterapeut-stillinga: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet. For nattevaktstillingane må du være autorisert helsefagarbeidar eller 3-årig helsefagleg utdanning. For alle stillingane ønskjer me at du: Er trygg i møte med menneske Er sjølvstendig og ansvarsbevisst Samarbeider godt med andre Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me vil gjerne høyre frå deg så fort som mogleg, ettersom me gjennomfører intervju fortløpande. Me tilbyr: Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer Fagleg utvikling og rettleiing Varierte arbeidsoppgåver Løn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Gratis overnatting mellom vaktene Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en. Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk. I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Helsefagarbeider eller student 26% helg · Alver kommune
- Sykepleiere og spesialsykepleiere søkes til sommerferievikariater 2027 · Sykehuset i Vestfold HF
- 100% Vikariat Aut. Helsefagarbeider - Hjemmetjenester avd Kongens og Posebyen · Hjemmetjenester sentrum, Kristiansand kommune
- Lege i spesialisering, LIS3 - onkologi vikariat,100% stilling · Avdeling for blod- og kreftsykdommer, Helse Stavanger HF
- Medisinstudenter 3. og 4. året ønskes til å utføre delegerte sykepleieoppgaver - Sommervikariat 2027 · Bemanningsseksjon, Sykehuset i Vestfold HF
- Overlege FMR · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card