Sjukepleiar/vernepleiar

Øysteseheimen langtidsavdeling · Øystese

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Øysteseheimen langtidsavdeling
Location
Øystese
Posted
October 20, 2026

About this job

Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til 80% fast stilling Ledig frå 1.januar 2027, oppstart etter avtale Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og 3.kvar helg Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom. Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving. Arbeidsoppgåver Oppgåver knytt til pasientoppfølging Medisinske prosedyrar Koordinering av pleieplanar Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Fagutvikling Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd God kommunikasjonsevner Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Du må kunne arbeida sjølvstendig Gode samarbeidsevner Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter Personlege eigenskapar Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg Engasjert og positiv Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg Fleksibel og løysingsorientert Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyr Ein arbeidstad i utvikling Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsoppgåver Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, Arbeidsstad Skårdalsvegen 20 5610 Øystese Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5192482449 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication71% of postings
  • Palliative Care18% of postings
  • Hygiene13% of postings
  • Nursing1% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free