Ergoterapeut

Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Location
Ålesund
Posted
October 19, 2026

About this job

Er du ergoterapeut og kan starte på kort varsel? Ålesund sjukehus treng deg til fagleg spennande arbeid! Vi har behov for ein autorisert ergoterapeut i 100 % mellombels vikariat ved Ålesund sjukehus, med oppstart snarast mogleg og varigheit til og med 31.12.2026. Det kan også vere aktuelt å tilsetje i delar av stillinga. Vi oppmodar derfor interesserte til å søkje, sjølv om dei ikkje har høve til å arbeide i 100 % stilling. Stillinga er organisert under Seksjon for kliniske støttefunksjonar og er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling. Her vil du arbeide med kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar. Du får ein variert arbeidskvardag med sjølvstendig fagleg ansvar, tett tverrfagleg samarbeid og gode ergoterapikollegaer å støtte deg på. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Vi ser etter deg som: Er autorisert ergoterapeut Kan starte på kort varsel Trivst med sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid Aktuelt for deg? Vi vurderer søknader, gjennomfører intervju og tilset fortløpande. Ta gjerne direkte kontakt dersom du er interessert eller ønskjer meir informasjon! Vi håpar å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Vurdering og kartlegging av pasientar med hjerneslag Vurdering og kartlegging av medisinske og geriatriske pasientar Hjelpe til med formidling av interne hjelpemiddel til avdelingane på sjukehuset Kvalifikasjonar Autorisert ergoterapeut med norsk godkjenning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Erfaring med aktuell pasientgruppe er ein fordel, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar Du er fagleg engasjert og har evne til å arbeide sjølvstendig Du har gode kommunikasjonsevner Du har gode samarbeidsevner Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5197794282 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 25.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Most-requested skills in Norway

Based on 205 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication67% of postings
  • Palliative Care28% of postings
  • Hygiene11% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free