Lege i spesialisering indremedisin

AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Location
Ålesund
Posted
October 14, 2026

About this job

Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og eit 6-månaders vikariat for lege i spesialisering innan indremedisin og andre medisinske spesialiteter. Tilsetjing er ønskjeleg frå snarast, og seinast frå mars 2027 for vikariat. Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige. Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten. Tryggleik og meistring er viktig for oss. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget! Arbeidsoppgåver Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak) Supervisjon/rettleiing av LIS1 Internundervisning Utviklings- og forbetringsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltredning. Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt Evne til fleksibilitet Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har evne til å samarbeide Du bidreg til innovasjon Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege),, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5194046261 Stillingsprosent: 100% Vikariat, Fast Startdato: 16.11.2026 Søknadsfrist: 30.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Most-requested skills in Norway

Based on 205 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Medication67% of postings
  • Palliative Care28% of postings
  • Hygiene11% of postings
Nurse & Healthcare skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free