Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi

Åsane vgs, Vestland fylkeskommune · Ulset

Don’t apply blind. See how your CV matches Manager first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Åsane vgs, Vestland fylkeskommune
Location
Ulset
Posted
November 10, 2026

About this job

Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring? Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg avdelingsleiar til Åsane videregående skule. Avdelingsleiar må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa innan avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra. Det er forventa at avdelingsleiar er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Den som vert tilsett har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag. Arbeidsoppgåver Bidra med å utvikle skulen og avdelinga i samsvar med mål og visjon for skuleeigar Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging Bidra til å vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team Leie strategi- og utviklingsprosessar i avdelinga Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling Personalleiing Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar Økonomistyring Kvalifikasjonar Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg. Det er ønskjeleg at du: har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne forståing for god økonomistyring har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag. Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast. Personlege eigenskapar Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er: open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert Vi tilbyr givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram løn etter avtale fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Kontaktinformasjon Jens-Petter Storheim, rektor, Kerstin Solveig Karlsen, ass. rektor, Arbeidsstad Åsane senter 52 5116 Ulset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5208929597 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Most-requested skills in Norway

Based on 57 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Strategy63% of postings
  • Leadership26% of postings
  • Stakeholder Management19% of postings
  • Project Management16% of postings
  • Budgeting11% of postings
  • Team Leadership9% of postings
  • Coaching7% of postings
  • Change Management5% of postings
Manager skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free