Er du jurist og vil kombinere arbeidsrett med HR og organisasjonsutvikling?
HR-jurist // HR og organisasjon · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches Legal first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- HR-jurist // HR og organisasjon
- Location
- Bergen
- Posted
- November 24, 2026
About this job
I HR og organisasjon søker vi ein fagleg sterk jurist som vil kombinere arbeidsrett med breidda i HR-faget. Som HR-jurist hos oss får du bruke den juridiske kompetansen din i arbeidsrettslege problemstillingar, personalsaker, omstilling og leiarstøtte, samtidig som du bidrar i andre HR-oppgåver ut frå behova i organisasjonen. Du blir ein del av eit tverrfagleg HR-miljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer innan HR, HMS, leiarutvikling og innovasjon. Vi jobbar tett saman, deler kunnskap og løyser oppgåver på tvers av fagområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet og høve til å påverke utviklinga av Nav Vestland. Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse. Kva går jobben ut på? rettleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar arbeid med medbestemming, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk skrive saksframlegg, utgreiingar og beslutningsgrunnlag bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan arbeidsrett og HR handtering av personvernspørsmål på HR‑området delta i varierte HR‑oppgåver saman med resten av HR‑teamet Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Stillinga kan innplasserast som rådgivar eller seniorrådgivar etter kompetanse og erfaring. Felles for begge rollene er at du må ha fullført master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen. Utanlandsk utdanning må tilsvare utdanningskravet og vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg gode digitale ferdigheiter For tilsetting som rådgivar må du i tillegg ha kunnskap om arbeidsrett og kjennskap til relevant lov- og avtaleverk noko erfaring med å gi juridisk rådgiving F or tilsetting som seniorrådgivar må du i tillegg ha god arbeidserfaring frå oppgåver innan arbeidsrett erfaring med juridisk rådgiving og rettleiing til leiarar eller andre avgjerdstakarar erfaring med relevant lov- og avtaleverk Kva ser vi etter hos deg? du er fagleg trygg og forklarer juridiske reglar på ein enkel og forståeleg måte du trivst med samarbeid, rettleiing og kunnskapsdeling du er strukturert og klarer å prioritere mellom løpande oppgåver du finn løysingar på komplekse problemstillingar og trivst med å veksle mellom operative og strategiske oppgåver Kvifor velje oss? ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar (lønn frå kr. 680 000 til kr. 780 000) eller 1364 seniorrådgivar (lønn frå kr. 780 000 til kr. 880 000), vurdert etter kvalifikasjonar og kompetanse. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn ut over lønnsspennet vurderast. Slik søker du på stillinga Vi ønsker å gjere søknadsprosessen enklare og meir relevant. Du treng derfor ikkje å skrive søknadsbrev. I staden ber vi deg om å sende inn ein oppdatert og utfyllande CV, og svare på nokre korte spørsmål om erfaringa di og kompetansen din. Kontaktinformasjon Kathrine Martinsen, Avdelingsdirektør HR og organisasjon,, Arbeidsstad Solheimsgaten 7E 5058 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: 5209641322 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Jurist til Klagenemndssekretariatet · Klagenemndssekretariatet
- Vann- og avløpsetaten søker jurist · Oslo kommune, Vann- og avløpsetaten
- Jurist · Transport, havn og farlei, Kystverket
- Rådgiver/seniorrådgiver/jurist - Agder fengsel, ungdomsenhet sørvest · Agder fengsel
- Jurist førstekonsulent (engasjement) til Landbrukspolitisk avdeling · Landbruks- og matdepartementet
- Spennende vikariat som innsyns- og helserettsjurist · Avdeling organisasjon og samfunn, seksjon for HR og medarbeiderskap, Oslo kommune, Sykehjemsetaten
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card