Rådgivar/seniorrådgivar - jurist helse og rettstryggleik i omsorg

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal · Molde

Don’t apply blind. See how your CV matches Legal first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Location
Molde
Posted
October 31, 2026

About this job

Vil du bruke din juridiske kompetanse til å styrke rettstryggleiken og berekraft i helse- og omsorgstenester? Er du jurist med master i rettsvitskap, og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for folk flest? Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for enkeltpersonar, kommunane og for samfunnet. Vi har no ledig jobb i seksjonane helse og rettstryggleik i omsorg. Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker og bidreg til å sikre kvalitet og ivaretaking av pasient- og brukarrettar i helse- og omsorgstenester. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, overprøvar vedtak om bruk av tvang, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettstryggleik. Arbeidet vårt er variert – og du får stor moglegheit til å påverke og lære. Seksjon helse og seksjon for rettstryggleik i omsorg samvirkar med sentrale myndigheiter. Du vil bli del av eit stort juridisk fagmiljø i embetet. Arbeidsoppgåver Saksbehandling innan helse- og omsorgsrett. Rådgiving og rettleiing til kommunar, verksemd innan helse- og omsorg og innbyggjarar. Bidra til tilsyn og formidling av regelverk. Delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Vi søkjer etter deg som har norsk master i rettsvitskap eller juridisk embetseksampen (cand. jur.) For søkjarar med godkjent utenlansk utdanning, blir det stilt krav om tilleggsgodkjenning frå Advokattilsynet og bestått eignatheitsprøve. kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk, med både offentlege instansar og brukarar kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar liker å jobbe analytisk og sjå samanhengar samarbeider godt og deler kompetanse har erfaring frå offentleg forvaltning eller relevante fagområde, men dette er ikkje eit absolutt krav. Som nyutdanna er du også velkomen til å søkje då vi har mange erfarne juristar hos oss trivst med saksbehandling ​ Hos oss får du ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik stor moglegheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem løn som 1434 rådgivar/ 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr.612.000,- til kr.830.000,-. Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet. tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid. medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad ( https://spk.no/Medlemskap-i-SPK ) moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg høve til å trene i arbeidstida Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise ) Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. ( https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/.) Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga. Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søk

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free