Rekrutteringstillegg kr. 50.000,
Kvinnherad kommune Rosendalstunet · Rosendal
Don’t apply blind. See how your CV matches HR & Recruiter first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Kvinnherad kommune Rosendalstunet
- Location
- Rosendal
- Posted
- October 11, 2026
About this job
Vil du bli vår nye sjukepleiar på natt? Ved Rosendalstunet har vi no ledig ei 80-100% fast nattstilling for sjukepleiar. Hos oss får du vere ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø der målet er å gje bebuarane trygg, verdig og omsorgsfull pleie. For eksterne søkjarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50 000, med bindingstid på 2 år. Oppstart snarast etter avtale. Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre. Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse. Arbeidsoppgåver Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientar Stell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleia Utføra faste tilsyn hjå heimebuande brukarar Delta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmar Legemiddelhandtering Dokumentasjon og oppfølging av tenestene Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskrav Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer Rettleiing av studentar og elevar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein medarbeidar som: Er fleksibel og løysingsorientert Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Kan arbeida sjølvstendig og strukturert Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr Eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Godt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utvikling Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverk Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Moglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglar Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag Ekstra fordel for deg som bur i Kvinnherad Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån. Meir informasjon Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet Politiattest Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk. Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Most-requested skills in Norway
Based on 26 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Recruiting96% of postings
- Payroll4% of postings
- Onboarding4% of postings
- Employer Branding4% of postings
Similar jobs
- Rekrutteringskonsulent · Sky Rekruttering As
- Norges mest fremoverlente rekrutteringsmiljø søker deg som vil skape de rette matchene · ME GROUP AS
- Lyst til å bli en del av Vitensenter-gjengen? Vi trenger flere VitenLoser. Vi rekrutterer fortløpende gjennom hele 2026 · Vitensenter Kristiansand, Arendal kommune
- Rekrutteringsstillinger innenfor helse og omsorg · Harstad kommune Rekrutteringsstilling - helse og omsorg
- Vi søker partner / konsulent innen rekruttering · WIRKE AS
- Student/ rekrutteringsstillinger/ helgestillinger innen helse og omsorg · FARSUND KOMMUNE ALMINNELIG HELSEV
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card