Kokk på Vitengarden

Jærmuseet · Nærbø

Don’t apply blind. See how your CV matches Cook & Chef first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Jærmuseet
Location
Nærbø
Posted
November 11, 2026

About this job

Kokkestilling med litt meir på menyen Er du glad i kokkefaget, men klar for ein kvardag som ikkje alltid følgjer same oppskrift? På Vitengarden vekslar du mellom kafédrift, bryllaup, konfirmasjonar, aktivitetsdagar og arrangement for alt frå 10 til 300 gjester. Du er ikkje berre med på førebuingane. Du er med og gjennomfører, og ser resultatet når gjestene set seg til bords. Nokre gonger skal maten òg spela på lag med temaet for dagen eller ei ny utstilling. Smak og presentasjon skal sitja, anten det er eit kurs, ein enkel lunsj eller festmiddag til fullt hus. Arbeidstida er i hovudsak på dagtid måndag til fredag, med kveld- og helgearbeid når me har selskap og arrangement. I helgene blir kaféen i stor grad driven av vertane våre. Dei serverer også i bryllaup og andre selskap, og kan avlasta på kjøkkenet i feriar og på fridagar. Du får derfor ei viktig rolle i å gje dei god opplæring, tydelege rutinar og nødvendig oppfølging. Du blir ein del av eit lag med pedagogar, teknikarar, gardsstyrar, butikkansvarleg, reinhaldarar og andre faggrupper. Her er kjøkkenet ein del av heile Vitengarden, ikkje ei verd for seg sjølv. For den rette personen kan stillinga utvikla seg til eit hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta, med god overlapping frå dagens kaféansvarleg. Dette får du jobba med: Hjå oss får du bruka kokkefaget breitt, og me set vår ære i å laga mest mogleg av maten frå botn av. Laga og presentera mat med god smak og kvalitet til kafé, selskap, bryllaup, aktivitetsdagar og andre arrangement Utvikla menyar og mattilbod med rom for lokale råvarer og jærsk matkultur Planleggja menyar med kundar og gjennomføra arrangement saman med vertar og kollegaer Oppfølging av bookingsystemet ved bryllaup, selskap og andre arrangement Læra opp og følgja opp vertane som driv kaféen i helgene og feriane og som hjelper til ved arrangement Kalkulera prisar og sikra god kvalitet, fornuftig råvarebruk og lønnsam drift Følgja opp innkjøp, varelager, HACCP og NORES-avtale Bidra med catering til andre anlegg i Jærmuseet og samarbeida med kokkane på Vitenfabrikken På sikt kan du få eit større ansvar for økonomi, innkjøp og vidareutvikling av heile kafé- og kjøkkentilbodet på Vitengarden. Vitengarden – opplevingar for heile familien Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving. Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv – frå jord til bord. Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman. Kva bør søknaden din innehalda? For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden: Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten? Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss? Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge. Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv? Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din. Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane. Me ser etter deg som Har følgjande kvalifikasjonar: Fagbrev som kokk Relevant erfaring frå kjøkken, restaurant, hotell, catering eller selskapsservering Erfaring med, og interesse for, planlegging og gjennomføring av selskap og arrangement, og liker å vera med når det faktisk skjer Forstår råvarekostnad, kalkulasjon, prissetjing og lønnsam drift Kjenner HACCP og krava til trygg og god kjøkkendrift Kommuniserer godt med kollegaer, kundar, gjester og vertar Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (gjerne nynorsk) Kjennskap til jærsk mattradisjon og lokale råvarer er ein fordel. Me vil gjerne at historien vår òg skal kunne opplevast gjennom det me serverer. Kjenner deg igjen i at du: Liker variasjon og ansvar, og trivst med å gjennomføra arrangement der mange ting skal klaffa på ein gong Får energi av å utvikla menyar og prøva nye idear Har blikk for både kvalitet og økonomi, og er oppteken av at maten både smakar godt og ser innbydande ut Er sjølvstendig og løysingsorientert, men trivst best når heile laget fungerer Liker å dela kunnskap og gjera andre trygge gjennom god opplæring Vil vera med og utvikla tilbodet, ikkje berre halda grytene i gang Er open og fleksibel, både når det gjeld oppgåver, løysingar og arbeidstid Har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø Dette tilbyr me Ein variert kokkejobb med god plass til idear og påverknad Arbeidstid so

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Cook & Chef jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Most-requested skills in Norway

Based on 81 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.

  • Hygiene75% of postings
  • Kitchen22% of postings
  • HACCP17% of postings
  • À la Carte17% of postings
  • Grill6% of postings
  • Mise en Place5% of postings
  • Banquet5% of postings
  • Food Preparation2% of postings
Cook & Chef skills

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free