Liljevatnet barnehage

Øygarden kommune Liljevatnet barnehage · Straume

Don’t apply blind. See how your CV matches Childcare first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Øygarden kommune Liljevatnet barnehage
Location
Straume
Posted
November 15, 2026

About this job

Vil du vere med å skape kvardagsmagi, livsglede og meistring? Liljevatnet barnehage søkjer ein engasjert og relasjonssterk barnehagelærar til mellombels 70%- 100 % stilling. Snarleg tiltreding, med varigheit til 14.08.2027, og moglegheit for forlenging. Hos oss får du arbeide i ein barnehage der naturen er ein viktig del av kvardagen, der leik og utforsking står sentralt, og der vi meiner at dei beste resultata kjem når vi samarbeider og løftar kvarandre fram. Visjonen vår er: "Vi set varige spor." No ønskjer vi ein ny lagspelar som vil vere med å gje barna gode opplevingar, meistringskjensle og ein trygg og utviklande barnehagekvardag. Kvifor velje Liljevatnet barnehage? Liljevatnet barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar og om 70 barn. Vi har eit sterkt fagmiljø med rundt 18 faste tilsette og eit tett samarbeid med spesialpedagogiske ressursar, og andre fagpersonar. Barnehagen har et stort og variert naturområde tilhørende barnehagen. Barna får oppleve: turar til nærområdet eit variert og spennande uteområde med egen ballbinge eigen gymsal Vi er opptekne av å utvikle framtidas barnehage og arbeider aktivt med Øygarden kommune sine satsingsområde innan: språk og kultur nærvær og inkludering inkluderande spesialpedagogikk Arbeidsoppgåver bidra til å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande leike- og læringsmiljø planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid i tråd med rammeplan og lovverk væra ein aktiv pådrivar for fagleg utvikling på avdelinga byggje gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer samarbeide tett med leiargruppa og resten av personalet medverke til eit godt arbeidsmiljø prega av trivsel, engasjement og utvikling Kven ser vi etter? Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som ser moglegheiter, byggjer gode relasjonar og som likar å arbeide saman med andre for å skape gode dagar for barna. Kvalifikasjonar Du må ha: godkjent barnehagelærarutdanning gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ein fordel om du har: erfaring med pedagogisk leiing erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi ser etter deg som: er trygg, tydeleg og varm i møte med barn og vaksne er raus, inkluderande og relasjonsorientert er nysgjerrig og utviklingsorientert samarbeider godt og deler kunnskap med andre er fleksibel og løysingsorientert bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer høve til fagleg utvikling og kompetanseheving spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver gode pensjons- og forsikringsordningar ein arbeidsplass der natur, leik og fellesskap står sterkt Anna: Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing Kontaktinformasjon Katja Morvik, konstituert styrar E-post: Mobil: Velkomen som søkjar! Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

New Childcare jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free