Fagarbeidar skule og barnehage
Byglandsfjord skule og barnehage, Bygland Kommune · Byglandsfjord
Don’t apply blind. See how your CV matches Childcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Byglandsfjord skule og barnehage, Bygland Kommune
- Location
- Byglandsfjord
- Posted
- November 1, 2026
About this job
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for barn? Byglandsfjord skule og Byglandsfjord barnehage har ledig to 100 % mellombelse stillingar som fagarbeidar fram til 31.07.2027. Ei stilling er knytt til skulen med oppstart snarast, medan den andre er knytt til barnehagen med oppstart 01.01.2027. Søkarar kan søkje på begge stillingane eller opplyse i søknaden kva stilling dei føretrekkjer. Om oss Skulen og barnehagen ligg i same bygg sentralt i Byglandsfjord. Vi samarbeider tett om å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for barna våre. Nærmiljøet med fjord, skog og fjell er ein naturleg del av kvardagen vår og gir gode moglegheiter for leik, læring og aktivitet. Vi arbeider etter prinsippa for helsefremjande barnehage og skule. Ved skulen er fysisk aktiv læring ein naturleg del av undervisninga, og alle elevane deltek i uteskule ein halv dag kvar veke. I barnehagen står leseopplevingar, leik og vennskap sentralt i kvardagen. For tilsetting i barnehage er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer i kraft (jf. Barnehagelova §30). Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25) Arbeidsoppgaver Bidra til ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for barna Støtte barn i leik, læring og sosial utvikling Delta aktivt i aktivitetar inne og ute Samarbeide med føresette og kollegaer Medverke til eit godt lærings- og arbeidsmiljø Bidra til å fremje helse, trivsel og livsmeistring Kvalifikasjoner Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Annan relevant utdanning eller erfaring kan bli vurdert Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnlege og skriftlege Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi ynskjer at du er ein tydeleg og trygg vaksen er engasjert og glad i å arbeide med barn trivst med aktivitet og leik har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er fleksibel og løysingsorientert bidreg positivt til arbeidsmiljøet Vi tilbyr Meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø Moglegheit for fagleg utvikling Ein arbeidsplass med fokus på helse, aktivitet og trivsel Løn etter gjeldande tariffavtale Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Kontaktinformasjon Sigrid Greibrokk, Barnehagestyrer, Arbeidssted Setesdalsvegen Byglandsfjord Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5202444742 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Childcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Similar jobs
- Pedagogisk leder/Barnehagelærer · Skogsheia barnehager, avdeling Trones barnehage, Sandnes kommune
- Vil du jobbe som pedagogisk leiar i Bulandet barnehage, i den vestlegast barnehagen i Noreg? · Askvoll kommune Bulandet barnehage
- Er du vår nye friluftsinteresserte pedagogisk leder/barnehagelærer? · Kroerbarnehagen DA
- Vikariat som pedagogisk medhjelper til Reggio Emilia barnehage · Norlandia Myrertoppen Barnehage
- Pedagogisk medarbeider/assistent, søkes til Mobarn Panorama barnehage på Averøy · Mobarn Panorama Barnehage AS
- Tilkallingsvikar i Saxenborg Barnehage · Saxenborg Barnehage Sa
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card