Assistent - gastroenterologisk poliklinikk

Haugesund sjukehus · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches Administrative Assistant first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Haugesund sjukehus
Location
Haugesund
Posted
November 16, 2026

About this job

Likar du praktiske oppgåver, har sans for orden og trivst med å ha oversikt? Ved gastroenterologisk poliklinikk utgreier og behandlar vi pasientar med sjukdommar i fordøyingssystemet gjennom endoskopiske undersøkingar og poliklinisk oppfølging. Som assistent hos oss får du ei viktig rolle i den daglege drifta. Du sørgjer for at undersøkingsrom og utstyr er klare til bruk, og bidreg til god arbeidsflyt gjennom dagen. Her blir du ein del av eit triveleg fagmiljø der vi legg vekt på kvalitet i arbeidet og gode opplevingar for både pasientar og medarbeidarar. Vi ser etter deg som tek initiativ, likar å ha orden rundt deg og samarbeider godt med andre. 👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Kva går jobben ut på? Klargjere undersøkingsrom og nødvendig utstyr Reingjere skop og anna utstyr Handtere skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin (du får opplæring) Fylle på utstyr og sørgje for at det er tilgjengeleg Halde orden på lager og i arbeidsområda Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: Utdanning som er relevant for teknikaroppgåver. Utdanning eller kurs innan reinhald og/eller hygiene. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: Samarbeider godt med kollegaer. Tek initiativ og ser kva som må gjerast. Arbeider strukturert og held orden. Tilpassar deg nye oppgåver og arbeidsmåtar. Held roa og klarer å prioritere når det er travelt. Er nysgjerrig og interessert i å lære. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Ein praktisk arbeidskvardag med ulike oppgåve. Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø. Opplæring i bruk av skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin. Kontaktinformasjon Ida Dankel Seim, Funksjonsleiar, 955554638 Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5210618316 Stillingsprosent: 60% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 30.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

New Administrative Assistant jobs in Norway every week by email

We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free