Vitskapeleg assistent
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches Administrative Assistant first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- November 3, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Vitenskapeleg assistent Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig to mellombelse stillingar som vitskapleg assistent (100 %) for ein periode på eitt år frå 1. januar 2027, med moglegheit for forlenging. SEFAS er ein del av fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST), og stillingane rapporterer til fagområdeleiar for FEST. Stillingane er knytte til Senter for samansette sjukdomar og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohns forskingsstifting. I CC.AGE undersøkjer vi om bruk av persontilpassa teknologi kan betre livet til heimebuande eldre med samansette sjukdomar, slik at dei kan leve trygt og sjølvstendig heime med god livskvalitet. Sentralt i CC.AGE står utviklinga av ein forskingsbasert digital plug-and-play-mobilplattform (ALIVE) som samlar utvalde teknologiar til bruk i heimen. Mobilplattforma skal først testast i ein pilotstudie, og deretter skal det gjennomførast ein 12 månader lang randomisert kontrollert studie (RCT) for å utforske effekten og kostnadseffektiviteten av den persontilpassa plattforma. Som vitskapleg assistent vil du ha ei viktig rolle i å rekruttere heimebuande eldre deltakarar, gi opplæring i mobilplattforma, følgje opp deltakarane og gjennomføre datainnsamling ved hjelp av mellom anna ei berbar klokke og radarinstallasjon. Du vil òg samle inn data frå validerte spørjeskjema, sikre god datakvalitet og sørgje for trygg lagring av data på UiB sine sikre serverar. CC.AGE er tverrfagleg og omfattar medarbeidarar med bakgrunn innan medisin, ernæring, systemvitskap, kunstig intelligens, programvareutvikling, økonomi og etikk. I tillegg til vitskapleg tilsette har CC.AGE medverknad frå brukarrepresentantar og inngår i partnarskap med Bergen kommune og e-helseplattformutviklaren Youwell. CC.AGE er ein del av eit innovativt, aktivt og tverrfagleg forskingsmiljø ved SEFAS. Prosjektet er eitt av fleire pågåande forskingsprosjekt ved SEFAS der sensordata frå berbare einingar og radarinstallasjonar vert nytta til å overvake symptom, effektar av intervensjonar og sjukdomsforløp hos eldre og personar med nevrologiske sjukdomar som demens og Parkinsons sjukdom. Professor Bettina S. Husebø er leiar for SEFAS og CC.AGE. Senteret høyrer til fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST) og har om lag 25 tilsette. SEFAS har eit omfattande nettverk både nasjonalt og internasjonalt. SEFAS er lokalisert i Alrek helseklynge i Årstadveien i Bergen. Arbeidsstaden er ved SEFAS sine lokale i Bergen. Arbeidsoppgåver: Som vitskapleg assistent vil du få delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med ein administrativ og ein vitskapleg ansvarleg for eininga, og stå for den daglege drifta. Hovudoppgåvene er: rekruttering og inkludering av deltakarar planlegging av deltakarflyt utføring av standardundersøkingar av studiedeltakarar med utfylling av spørjeskjema og eventuelt intervju datainnsamling med digitale verktøy som berbare sensorar og radarinstallasjonar registrering av data på SAFE-serveren halde oversikt over forskingsutstyr kommunikasjon med deltakarar og pårørande Den som vert tilsett skal òg bidra til optimalisering og vidareutvikling av ALIVE-plattforma, med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå studiedeltakarar og i tett samarbeid med CC.AGE-teamet. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha fullført minimum mastergrad innan helserelaterte fag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg. Erfaring frå eldreomsorg og kommunikasjon med eldre med samansette sjukdomar er ønskjeleg. Erfaring frå prosjektarbeid og andre relevante forskingsprosjekt vil telje positivt. Tidlegare erfaring frå arbeid med heimebuande eldre med samansette sjukdomar er ønskjeleg. Flytande skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar er eit krav. Formidlingserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samstundes samarbeide godt med andre. Personlege eigenskapar som vil bli vektlagde i vurderinga av søkjarane, er mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samarbeidsevner, motivasjon, ansvarskjensle, arbeidsevne og entusiasme for forsking. Vi søkjer ein person som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er positiv, engasjert, uredd og fleksibel, og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver kan planleggje og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, og samstundes arbeide godt i team har svært god digital kompetanse, interesse for digitale løysingar og evne
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Administrative Assistant jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Similar jobs
- Søker pålitelig BPA-tilkallingsassistent på kort varsel og ved fravær · Brageva
- Funksjonshemmet kvinne søker BPA assistenter! · Medvind Assistanse AS
- Voksen funksjonshemmet kvinne søker erfaren personlig assistent! · Medvind Assistanse AS
- Omgjengelig 34-åring med doktorgrad på gang søker BPA-assistenter · Mio BPA
- Barnehagevikar / barnehageassistent – avdeling Bergen · Pedagogisk Bemanning As
- Reinhaldsassistent/Reinhaldar · Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card