Assistent i barnehage

Læringsverkstedet Sæ barnehage AS · Norway

Don’t apply blind. See how your CV matches Administrative Assistant first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Læringsverkstedet Sæ barnehage AS
Location
Norway
Posted
October 2, 2026

About this job

Fagarbeider/assistent Bli med og få verdas viktigaste verdiar til å vekse! Vil du vere med og gjere ein forskjell i livet til barna – kvar einaste dag? Læringsverkstedet Sæ barnehage søkjer fagarbeidar/assistent i vikariat i 100 % stilling med oppstart 15.12.2026 Vil du vere med på å få kvart einaste barn til å kjenne seg verdifull? Trivst du i eit team fylt med engasjement, samarbeid og leikne kvardagar? Har du eit stort hjarte for barn og ønskjer å vere ein trygg og aktiv vaksen i kvardagen deira? Då kan du vere den vi ser etter! I Læringsverkstedet jobbar me kvar dag for å få barna til å vekse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Me ynskjer å skape ein barnehagekvardag der kvart enkelt barn blir sett, høyrt og får høve til å utvikle seg, oppleve meistring og kjenne seg verdifullt. Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse! Om oss Læringsverkstedet Sæ barnehage har 100-110 barn og 25-30 tilsette, fordelte på sju avdelingar. Naturen og nærmiljøet ser vi på som ein verdifull ressurs som vi nyttar aktivt i barnehagekvardagen. Barnehagen ligg på Ås, i nærleiken av Leirvik sentrum. Her har vi kort veg til byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai og alt det spennande som skjer i eit levande sentrum. Samtidig har vi flotte turområde like utanfor porten. Åsskogen og skogen ved museumsparken er populære turmål, særleg for dei yngste barna. VMe er også heldige som får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet. Dei eldste barna har tilgang til to minibussar som er i dagleg bruk. Minibussane gir oss gode moglegheiter til å utforske område også utanfor nærmiljøet. Turmåla kan vere på Stord, Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Vi kjem oss både til fjells, til skogs og til stranda. Turane blir tilpassa alderen til barna, tema og prosjekt, vêret og årstida. Hos oss skal naturen vere ein stad for leik, undring, meistring og gode opplevingar saman. Er du den me leitar etter? Som fagarbeidar/assistent hos oss Som fagarbeidar/assistent vil du vere ein viktig del av kvardagen i barnehagen. Du deltek aktivt og lojalt i dei daglege gjeremåla og dei pedagogiske opplegga, i tråd med verdiplattforma, måla og planane våre. Me ser etter deg som ønskjer å bidra og gi av deg sjølv. Du lyttar til andre, deler erfaringar og er med på å styrkje dei felles ambisjonane våre. Hos oss står samarbeid, engasjement og utvikling sentralt, og viljen til stadig å bli betre – både fagleg og menneskeleg – er ein viktig del av det å jobbe i Læringsverkstedet. Korleis ser arbeidskvardagen ut? Du bidreg til at barnehagen blir driven i samsvar med Læringsverkstedet si verdiplattform og kvalitetsstandard. Du skaper gode, varme og trygge relasjonar til barna. Du lyttar, er til stades og legg til rette for medverknad, slik at barna får utvikle ferdigheitene sine, tru på seg sjølve og oppleve meistring og livsglede. Du møter barna, foreldra og kollegaene dine med ei positiv innstilling, engasjement og pågangsmot. Du tek del i omsorga og det pedagogiske arbeidet gjennom mellom anna samlingsstunder, aktivitetar, frileik og gode rutinesituasjonar. Du er ein aktiv vaksen som vågar å vere med i leiken, undringa og dei små og store opplevingane i kvardagen. Du bidreg til eit godt, ope og tillitsfullt samarbeid med foreldre og føresette. Du held deg fagleg oppdatert og deltek på kurs og fagopplæring, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet. Kven trur vi passar i rolla? Me ser etter deg som er relasjonsorientert og som ser kvart enkelt barn. Du lyttar til det barna ønskjer å formidle, tek dei på alvor og møter dei med varme, omsorg og respekt. Du har faglege ambisjonar og eit stort hjarte for arbeidet med barn. Du skaper engasjement rundt deg og ønskjer å vere ein aktiv del av leiken, læringa og utviklinga til barna. Du er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. Samtidig kan du arbeide sjølvstendig, ta ansvar og sjå kva som trengst i ein travel og innhaldsrik barnehagekvardag. Du kommuniserer godt og møter menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar på ein open og respektfull måte. Me ynskjer oss ein fagarbeidar/assistent som er ein god, varm og omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er viktige stikkord for personalet vårt. Det er også viktig at du kjenner deg igjen i verdiane til Læringsverkstedet og ønskjer å bidra positivt til fellesskapet. Kvalifikasjonar Erfaring frå arbeid med menneske og/eller frå liknande stilling. Gode kommunikasjons- og formidlingsevner. Evne og vilje til å vere ein aktiv vaksen saman med barna og setje i verk nødvendige tryggingstiltak. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Politiattest må leggjast fram før oppstart, men skal ikkje leggjast ved søknaden. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Kvifor jobbe hos oss? Hos oss får du jobbe saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort og inspirerande fagmiljø. Vi har eit attraktivt pedagogisk konsept og ein innhaldsrik ressursbank med mykje pedagogisk materiell som kan gi inspirasjo

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free