Pleieassistent på helg, 4 kvar helg med langvakter
LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches Administrative Assistant first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
- Location
- Bergen
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling rehabilitering, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Eit viktig samfunnsoppdrag Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar? Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd. Arbeidsoppgåver Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring Observasjon av pasientar Dokumentasjon i pasientjournal Arbeide tverrfagleg for å sikre heilskapleg behandling, og at det blir utarbeidd mål, gjennomført tiltak og evaluering i samsvar med behandlingsplan Kvalifikasjonar Det er ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern og/eller rusomsorg Studentar innan sjukepleie-, vernepleie-, psykologi-, medisin og politi oppfordrast til å søke Interesse for og kunnskap om risikovurdering og alvorleg personlegdomsforstyrring vi bli lagt vekt på Personleg egnethet for stillinga Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande Personlege eigenskapar Du behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens) Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du etterspør rettleiing Vi tilbyr 4 kvar helg med langvakter Du vil få grundig opplæring og rettleiing Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Treningsrom for tilsette Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Joachim Honningsvåg, Seksjonsleiar, Charlotte Sunde, Ass seksjonsleiar, Arbeidsstad Sandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5187864630 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Helgestilling som pleieassistent · Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
- Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL · Universitetet i Bergen
- Vil du bli en del av assistentgjengen min i Bergen? · Humana omsorg og assistanse
- Lærerassistenter (deltid) til skole og AKS/SFO søkes. · Bemanningshjelpen As
- Lærerassistenter (heltid) til skole og AKS/SFO søkes. · Bemanningshjelpen As
- Barnehageassistenter (deltid) søkes. · Bemanningshjelpen As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card