Ringevikar - lærar og assistent/SFO ved Tresfjord EnSpire skule
Tresfjord Enspire Skule · Tresfjord
Don’t apply blind. See how your CV matches Administrative Assistant first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Tresfjord Enspire Skule
- Location
- Tresfjord
- Posted
- September 22, 2026
About this job
Vårt behov Tresfjord EnSpire skule ønsker å knyte til seg ein eller fleire ringevikarar som kan stille opp ved behov gjennom skuleåret. Behovet vil variere, og stillinga har derfor ikkje ein fast stillingsprosent. I enkelte periodar kan det vere behov for fleire vakter, medan det i andre periodar kan vere lite eller ingen arbeid. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til fråvær blant dei tilsette våre. Vi ser etter deg som kan vere aktuell som vikar både i skuletida og på SFO. Arbeidsoppgåvene kan derfor variere mellom undervisning, arbeid som assistent og oppgåver knytt til SFO. Det er ein fordel om du har moglegheit til å stille på relativt kort varsel. Om stillinga Arbeidsoppgåver Som ringevikar hos oss kan arbeidsoppgåvene mellom anna vere å: gjennomføre undervisning etter planar frå lærar. følge opp og støtte elevar i undervisninga. bidra som assistent i klasse og mindre grupper. bidra til eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø. delta i aktivitetar og praktiske oppgåver i skulekvardagen. arbeide på SFO før og/eller etter skuletid. samarbeide med lærarar, assistentar og andre tilsette. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå skulen sitt behov og kompetansen til den som blir kalla inn. Vi tilbyr Som ringevikar hos oss vil du: bli ein del av eit engasjert og positivt personale. få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette. få variert arbeid med barn frå 1.-7. trinn. jobbe på ein liten skule der relasjonar, læring og trivsel står sentralt. få lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtalar og regelverk. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er trygg og omsorgsfull i møte med barn. er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig. har eit positivt elevsyn og møter elevane med respekt og forståing. er ansvarsbevisst og påliteleg. kan ta initiativ og raskt sette deg inn i ulike arbeidsoppgåver. har gode norskkunnskapar. bidrar positivt til arbeidsmiljøet. Kvalifikasjonar Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge, skule, barnehage eller SFO, men dette er ikkje eit krav. For arbeid som lærar er godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning ein fordel. Søkjarar utan lærarutdanning kan også vere aktuelle for andre vikaroppgåver ved skulen og på SFO. Politiattest må leggast fram før oppstart. Skriv gjerne litt om bakgrunnen din, kva type arbeid du er interessert i, og kor fleksibel du er når det gjeld tidspunkt og dagar. Det er ikkje offentlege søkjarlister hos oss. Vi ser fram til å høyre frå deg! Kontakt Har du spørsmål, kan du ta kontakt med dagleg leiar/rektor Martin Melbø på eller telefon (mobil). Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord Besøksadresse: Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Hyggelig mann i 40 årene søker en ringevikar til en liten assistentordning i Bydel St. Hanshaugen. · Prima Assistanse avdeling Oslo og Romerike
- Kveldsol sykehjem søker kjøkken- og serviceassistent · Harstad kommune Kveldsol sykehjem og hjemmetjeneste
- Kjøkkenassistent fra 1. mars til 31. august. · Nye Thai Smile Take Away AS
- Leken, omsorgsfull og ansvarsbevisst? Assistent i vikariat søkes · Læringsverkstedet Gvarv barnehage
- BPA-assistent søkes til dame 36 år i Indre Østfold! Er det deg? · Mio BPA
- Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll? · Anonym arbeidsgiver
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card