Helsefagarbeidar/Assistent - helgestillingar
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune · Rauland
Don’t apply blind. See how your CV matches Nurse & Healthcare first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
- Location
- Rauland
- Posted
- September 10, 2026
About this job
På Rauland har me ledige helgestillingar kvar tredje helg, både vikariat og faste frå dags dato. I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen. Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Stillinga inngår i årsturnus. Me har også behov for deg som kan ta vakter på anretnings-kjøkkenet vårt. Kanskje har du nyleg gått av med pensjon, og ynskjer å ta nokre vakter innimellom når me har behov? Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. Arbeidsoppgåver Fagleg oppfylging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta. Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen. Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem. Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar. Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta. Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet. Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlingar, elevar og studentar ved behov. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som Helsefagarbeidar Sjukepleiestudentar, elevar på vidaregåande/studentar og andre med relevant erfaring kan og bli vurdert Erfaring frå pleie- og omsorgtenesta er ein fordel Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer Førarkort klasse B Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Personlege eigenskapar Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre. Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare. Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten. Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert. Du trivst med ansvar og tek initiativ. Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet. Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyr God forsikrings- og pensjonsordning Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde God opplæring og tett fagleg oppfølging Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass Gode lønnsvilkår med lokal stige God forsikrings- og pensjonsordning Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. Kontaktinformasjon Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, Arbeidsstad Setali 6 3864 Rauland Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5176321069 Stillingsprosent: 13% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
New Nurse & Healthcare jobs in Norway every week by email
We'll send you an email to confirm. Unsubscribe in one click in every email.
Most-requested skills in Norway
Based on 214 Norway vacancies that list requirements, these are the skills employers ask for most often.
- Medication71% of postings
- Palliative Care18% of postings
- Hygiene13% of postings
- Nursing1% of postings
Similar jobs
- Lege i spesialisering, LIS3 - onkologi vikariat,100% stilling · Avdeling for blod- og kreftsykdommer, Helse Stavanger HF
- Medisinstudenter 3. og 4. året ønskes til å utføre delegerte sykepleieoppgaver - Sommervikariat 2027 · Bemanningsseksjon, Sykehuset i Vestfold HF
- Overlege FMR · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
- Ledig sykepleierstilling · Øksnes kommune Alsvågheimen
- Ledig stilling som helsefagarbeider, 82% fast · Gjestad 1, Ullensaker kommune
- Lege i spesialisering i Fysikalsk medisin og rehabilitering · Rehabiliteringsmedisinsk sengepost Sandnessjøen, Helgelandssykehuset HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card