Høgskulelektor i planlegging
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28 · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches Teacher & Education first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- August 10, 2026
About this job
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i planlegging ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap. Om stillinga: Stillinga er knytt til Institutt for bygg, miljø- og samfunnsvitskap, campus Sogndal, med tilsetjing frå 1. januar 2027. Ansvars- og arbeidsområde: Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning og rettleiing innan arealplanlegging og miljøforvaltning på bachelor- og masternivå. Instituttet har eit internasjonalt og breidt fagmiljø, og ved campus Sogndal har vi høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking. Vi ønskjer at den som vert tilsett har interesse i å delta i forskings- og utviklingsarbeid ved instituttet. Kvalifikasjonar: Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven For tilsetjing som høgskulelektor er kravet mastergrad. Den som vert tilsett i stillinga må ha: mastergrad i fysisk planlegging utdanningsfagleg kompetanse * god og dokumentert kunnskap om det norske plan- og forvaltningssystemet kunnskap om miljøforvaltning og naturbaserte løysingar praktisk erfaring med areal- og reguleringsplanlegging undervisningserfaring i planlegging frå universitet og/eller høgskule gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk norskferdigheiter på nivå B2 ** Ønska kvalifikasjonar: erfaring med bruk av digitale planverktøy interesse for forsking Personlege eigenskapar gode samarbeidsevnar på tvers av fagdisiplinar evne til sjølvstendig arbeid bidra til eit godt inkluderande arbeidsmiljø er kreativ og arbeider proaktivt med problemløysing Søkjarar som vert funne kvalifisert til stillinga blir kalla inn til intervju med prøveførelesing. Utdanningsfagleg kompetanse* Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar. For stilling som høgskulelektor er det krav til utdanningsfagleg kompetanse i tråd med dei nasjonale rettleiande retningslinjene. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje oppfyller krava i forskrifta, må oppfylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høgare utdanning. Språkkrav** Det er krav om norskferdigheiter på nivå B2. Kompetanse i eit skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søkjaren har fullført norsk vidaregåande opplæring som gir opptak til høgare utdanning i Noreg, eller dokumenterer bestått språktest på B2-nivå. Dersom søkjarar ikkje oppfyller språkkravet, vil HVL leggje til rette for at kompetansen blir oppnådd innan tre år frå tilsetjingstidspunktet. Søkjaren forpliktar seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan tre år frå tiltreding. Om Språknivåer Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merkt ”Søk stillinga” på denne sida. Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte ut frå informasjonen som er registrert i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lasta opp innan fristen, mellom anna: attestar og vitnemål dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfagleg basiskompetanse for tilsetjing, opprykk og overgang ved HVL. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overstig 50 MB, må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga svarar til norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er omfatta av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir på at dei har motteke søknaden din. Søknadene blir sende elektronisk til den sakkunnige komiteen. På grunnlag av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen Vi tilbyr: Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse Spennande fagmiljø med mogleheit for kompetanseheving og fagleg utvikling Mulighet for trening i arbeidstida Stillinga som høgskulelektor er løna etter lønsregulativet i staten, i stillingskode 1008. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til S
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor innen fagområde jordmorfag, campus Bergen · HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
- Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor innen fagområde helsesykepleie · HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
- Førsteamanuensis / høgskulelektor innen datateknologi · HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
- Førsteamanuensis/førstelektor i norsk som andrespråk · HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
- Førsteamanuensis/førstelektor i norsk litteratur · HØGSKULEN PÅ VESTLANDET BERGEN - INNDALSVEIEN 28
- Studieleiar (50 % førsteamanuensis/universitetslektor) i medisin, campus Haugesund (Vestlandslegen) · UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card