Få erfaring frå BUP mens du venter på LIS1!

HELSE FONNA HF HAUGESUND BUP POLIKLINIKK · Haugesund, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches Sales first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE FONNA HF HAUGESUND BUP POLIKLINIKK
Location
Haugesund, Norge
Posted
August 19, 2026

About this job

Venter du på LIS1? Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med barn, ungdom og familiar? Kva med ei stilling som "LIS0" ved BUP Haugesund? 🌻 Hos oss får du ein unik moglegheit til å bli kjend med faget før vidare spesialisering. Du får verdifull klinisk erfaring som kjem godt med, uavhengig av kva spesialitet du vel etter LIS1. Samtidig får du innsikt i eit spennande fagfelt der relasjonar, utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP 📞 Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e-post. 👉 Søk no – vi ser fram til å høyre frå deg! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom. Delta i vaktordning for legar. Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid. Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du likar å jobbe med barn, ungdom og føresette er nysgjerrig på menneske, relasjonar og psykisk helse har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap arbeider strukturert og spør om råd eller støtte når du treng det Personlege eigenskapar blir vektlagd. Kvifor skal du velje oss? Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid. Andre gode grunnar til å velje oss: Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater. Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer. Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset. Malin, som er lege ved BUP Haugesund, fortel: "Eg elskar jobben min! Det er fantastisk å jobbe med barn og ungdommar. Her er det rom for å leike, herje, tulle og tøyse, og samstundes vere profesjonell. Det skaper gode relasjonar, som er grunnlaget for å kunne gjere ein god jobb. Ein blir godt kjend med pasientane og familiane deira, og kjenner at ein gjer ein forskjell. Vi har eit arbeidsmiljø i særklasse som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, og eg har overskot til familielivet når eg kjem heim. Eg hamna i BUP litt tilfeldig, men her har eg blitt verande, nettopp fordi det er verdas beste arbeidsplass!" Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, Gabrielle Leah Dickson, Konsulent,, Arbeidsstad Vinjes gate 10 5522 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5167956453 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 03.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free