Sjukepleiar - 100% fast

VINJE SJUKEHEIM · Vinje, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
VINJE SJUKEHEIM
Location
Vinje, Norge
Posted
July 5, 2026

About this job

Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko. Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre. Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer! Dette er Vinje sjukeheim: Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar) Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Kollegatøtte er viktig for oss. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det. Sjukeheimen skal igang med mentorordning for nytilsette, noko som vil sei at du som nytilsett får tett oppfølging av ein kollega som er mentor. Arbeidsoppgåver Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande Samtaler og tett kontakt med pårørande Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging Bidra til fagutvikling på avdelinga Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg) Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Me oppmodar nyutdanna til å søkje. Personlege eigenskapar Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg Du er fleksibel, engasjert og er klar for ein spanande jobb Du tek ansvar og viser omsorg - både som menneskje, sjukepleiar og kollega Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig Du har evne til å arbeide sjølvstendig Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Me tilbyr Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema Det blir gjeve støtte til relevant vidareutdanning. Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar God forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Me har eit aktivt friluftsliv i kommunen Løn etter lokal lønstabell - høgare enn KS sin sentrale minsteløn Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. Kontaktinformasjon Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga,, Arbeidsstad Vinjevegen 212 3890 Vinje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5152092671 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free