Ringevikarar - Meland ungdomsskule

MELAND UNGDOMSSKULE · Frekhaug, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
MELAND UNGDOMSSKULE
Location
Frekhaug, Norge
Posted
September 9, 2025

About this job

Om stillinga Meland ungdomsskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat. Meland ungdomsskule ligg sentralt på Frekhaug, med kort avstand til Bergen og enkel tilgang til kollektivtransport som buss og hurtigbåt. Skulen vår har ein stolt historie og ei utruleg utsikt over fjorden og naturen som omgir skuleområdet. Med omtrent 200 elevar og eit personale på vel 30 dyktige medarbeidarar, er skulen vår prega av mangfald og fellesskap. Vi er stolte over å vere ein MOT-skule med stort fokus på eit positivt og støttande læringsmiljø, der vi har som mål å skapa ein trygg og triveleg skulekvardag for alle våre elevar. For at elevane skal få eit godt grunnlag for å meistra livet sitt vidare, satsar vi på utvikling av sosiale ferdigheiter og ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnlege ferdigheiter. Inkluderande undervisning, elevmedverknad, den aktive eleven, og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss. Vi jobbar etter LK20 med fokus på organisasjonsutvikling og eit trygt profesjonsfellesskap der me reflekterer, vurderer og kontinuerleg forbetrar vår eigen praksis. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar. Kvalifikasjonskrav For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse. For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje. Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram. Vi tilbyr Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free