Fastlegestillingar

GULEN KOMMUNE LEGETENESTE · Eivindvik, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
GULEN KOMMUNE LEGETENESTE
Location
Eivindvik, Norge
Posted
February 9, 2026

About this job

Gulen legekontor - om stillingane Gulen kommune lyser etter: 100% fast stilling som fastlege. Oppstart etter avtale. 100% fast stilling som fastlege. Oppstart etter avtale. Fleksibilitet kring arbeidstid kan leggast til rette for. Hovudkontoret til legane ligg i Eivindvik. Det er 3 legestillingar ved kontoret, som alle er organisert som fastlønsstillingar. Det er i tillegg LIS1- lege. Kontoret har koordinator og legesekretærar som støttepersonell. Kjenneteikn ved arbeidsmiljøet er; godt humør, godt samarbeid, ein trygg arbeidskvardag med høve til faglege diskusjonar og rettleiing. Sjå filmsnutt frå fastlege i Gulen kommune.. Video: https://www.youtube.com/watch?v=nqrtub05bIw Arbeidsoppgåver Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Fastlegelistene har for tida eit tak på 850 pasientar. Rammene til legane gjer høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen. Kommunen inngår i Nordhordaland legevaktdistrikt på ettermiddag/natt og helg. Den nye fastlegen må rekne med å delta i legevakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom dei tre legane. Dersom det lar seg gjennomføre for drifta, tilrettelegger kommunen for tilpassing av arbeidsdag når lege har legevakt i Knarvik. Kvalifikasjonskrav Spesialist i allmennmedisin, eventuelt ALIS. Kommunen kan tilby ALIS-forløp om dette ikkje er starta Ynskjeleg med lege med vaktkompetanse Må kunne jobbe sjølvstendig Førarkort klasse B Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Sidan legetenesta i Gulen kommune er eit relativt lite legekontor med ein travel og spennande arbeidskvardag, er det viktig at legane er stabile og kan bidra i arbeidsfellesskapet ved å vere sjølvstendig, pliktoppfyllande og yte tenester av god fagleg kvalitet. Legane må også vere fleksibel og kommunisere/samarbeide godt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det vert stilt krav om at legane kommuniserer svært godt på norsk - både munnleg og skriftleg. Legen må ha bestått norskprøve på B2- nivå. Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing Anna Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free