Ønskjer du å skaffa deg spanande og meiningsfull jobb på helg ?

KUHNLETUNET DAGSENTER · Os, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
KUHNLETUNET DAGSENTER
Location
Os, Norge
Posted
March 19, 2026

About this job

Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast: - 15% - 30% faste stillingar Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer. Tilrettelagte tenester er for born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar: Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim: - Hellemyra bufellesskap- (Fusa) - Torsneset bufellesskap - (Fusa) - Fusa butenester - (Fusa) - Kuhnletunet bustader - Vestre Lurane bufellesskap - Bolig Moberg bufellesskap - Idrettsvegen bufellesskap - Bjørnefjorden bufellesskap - Søfteland bufellesskap Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim: - Varafjell avlastningssenter - Os avlastning - Fusa avlastning - (Fusa) Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Søkjarar over 18 år vil bli prioritert. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnefjorden kommune tillegg i grunnlønn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning. Studentar som blir tilsett i minimum 13% fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepliear eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000,-. God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden snarast Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free