Stipendiat i narrativ datavisualisering

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Location
Bergen, Norge
Posted
June 15, 2026

About this job

https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat i narrativ datavisualisering knytt til Senter for digitale forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Er du ein person som brenn for narrativ og for korleis historier formar måten vi ser og forstår data og informasjon i verda rundt oss? Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i narrativ datavisualisering ved Senter for digitale forteljingar, som er del av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking, og er tett kopla til Visualiseringsgruppa (VisGroup) ved Institutt for informatikk. Den som vert tilsett, vil dele arbeidstida si mellom dei to forskingsmiljøa og vil bli oppmoda til å delta aktivt i begge miljøa. Sjølv om kandidaten vil ha noko fridom til å velje kva data som skal brukast i ph.d.-prosjektet, forventar vi at det vert utvikla koplingar til pågåande prosjekt ved CDN, særleg ERC Advanced Grant-prosjektet AI STORIES, samstundes som ein nyttar fullt ut den metodiske og tekniske kompetansen som finst i VisGroup. Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium: Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 stipendiatar og 13 postdoktorar. Instituttet omfattar fagområda allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske studium, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk- og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, lingvistikk og teatervitskap. Instituttet er òg vertskap for to senter – Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk – i tillegg til tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om senter for digitale forteljingar (CDN) Senter for digitale forteljingar er eit norsk senter for framifrå forsking som er dedikert til humanistisk forankra forsking på digitale forteljingar, inkludert elektronisk litteratur, spelstudiar, digital kultur og berekningsbaserte former for historieforteljing. CDN har søkjelys på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale forteljingar vert mottekne og tolka. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar fører til nye narrative former, korleis materialiteten i digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar materialiteten deira, bruk og funksjon. CDN tilbyr òg eit livleg, tverrfagleg forskingsmiljø med omfattande internasjonalt samarbeid, utstillingar, opplæringstilbod og tverrsektorielle partnarskap. Om prosjektet AI Stories: AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence er eit femårig ERC-finansiert prosjekt (2024–2029) leia av professor Jill Walker Rettberg. Prosjektet utforskar og testar hypotesen om at djupe narrative strukturar i dataa og prosessane som vert nytta til å trene generative KI-modellar, vert reproduserte og kanskje til og med forsterka i outputen frå generativ KI, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative skeivskapar. Dette er humanistisk forsking som nyttar kvalitative metodar frå litteraturvitskap og studium av digital kultur. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på tre år, der 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digitale humaniora, informatikk eller eit anna fag som omfattar opplæring i anten digital design, kritisk teori eller narrativ teori og analyse. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Erfaring med å utforme og utvikle (dvs. programmere) datavisualiseringar, dokumentert gjennom kursarbeid, portefølje eller kodearkiv. Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk. Det er ein føremon med: Kunnskap om kritisk teori og kjennskap til kvalitative analysemetodar

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free