Helgestillingar - Heimetenester Os

BJØRNAFJORDEN KOMMUNE HEIMETENESTER OS · Os, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE HEIMETENESTER OS
Location
Os, Norge
Posted
June 17, 2026

About this job

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Vi har ledig faste helgestillingar i omlag 12 % stilling frå snarast. Arbeidsstad Heimetenester Os - Fleire avdelingar Arbeidsoppgåver Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan.Stillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Du vil sjølvsagt får opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er: Pleie og miljøarbeid i brukar sin heim t.d; - Personleg hygiene - Tilberede mat - Administrere og utlevere medisner - Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv - Snakke med og støtte brukar Kvalifikasjonar Helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudenter og andre med relevant helsefagleg erfaring Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Andre uten helsefagleg erfaring/utdanning kan og søkje Førarkort kl. B Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2 for søkjarar utanfor Norden Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Løn etter gjeldande avtalar. Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning. Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar. Vi har studentavlønning. Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Vi ser fram til å høyre frå deg! Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free