Spesialkonsulent/rådgjevar museum

VESTLAND FYLKESKOMMUNE FYLKESDIREKTØR · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
VESTLAND FYLKESKOMMUNE FYLKESDIREKTØR
Location
Bergen, Norge
Posted
June 21, 2026

About this job

Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland? Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet. Stillinga ligg i fageining for museum, fartøy- og bygningsvern, ein del av kulturarvseksjonen. Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen. Vestland har ti konsoliderte museum og eit stort mangfald av institusjonar. Fylkeskommunen har ei sentral strategisk utviklarrolle i å leggja til rette for ein regional heilskap på museumsområdet, mellom anna innan fellesmagasin, bevaringstenester, bygningsvernrådgjeving og kunnskaps- og utviklingsarbeid. No søkjer vi ein erfaren, engasjert og samfunnsorientert rådgjevar som vil bidra aktivt i dette arbeidet. Arbeidsoppgåver Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov Noko reiseverksemd må påreknast. Kvalifikasjonar Du må ha: Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå (spesialkonsulent) Dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid Førarkort personbil klasse B Vi ønskjer at du har: Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv Erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som kjenner seg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. I tillegg ønskjer vi at du er: Er nytenkjande og utviklingsorientert Evnar å sjå heilskap og samanhengar Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Kommuniserer godt og samarbeider effektivt med ulike aktørar Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring Gode forsikrings- og pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø Kontaktinformasjon Eva Moberg, leiar,, David Sandved, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5140466034 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free