Helsefagarbeidar - 100 % fast

BJØRNAFJORDEN KOMMUNE HEIMETENESTER OS · Os, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE HEIMETENESTER OS
Location
Os, Norge
Posted
June 23, 2026

About this job

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Heimetenester Os har ledig ein fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale. Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling. Arbeidsstad Heimetenester Os, Ressursbemanningsavdelinga Arbeidsoppgåver Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare Delta i utarbeiding av gode system og rutinar Dokumentera helsehjelp i Profil Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert I Ressursbemanningsavdelinga må ein kunne arbeide på tvers av alle avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst. Det er difor viktig å ha eit godt samarbeid mellom alle avdelingane. Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Førarkort kl. B. Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.) Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør Evne til å møte andre på ein respektfull måte, brukaren sin heim er vår arbeidsplass Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free