Er du vår nye sjukepleiar/ vernepleiar?

HELSE FONNA HF VALEN SJUKEHUS DØGNAVDELING · Valen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE FONNA HF VALEN SJUKEHUS DØGNAVDELING
Location
Valen, Norge
Posted
June 24, 2026

About this job

Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten? På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset. Vi søkjer ein vernepleiar/sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast! Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Vi jobbar med ulike typar forbetringsarbeid, og har fokus på ernæring og aktivitet for pasienten. Vi styrker den faglege kompetansen med diskusjonar og internundervisningar. Vi øver kvar veke på MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for å førebygge og handtere aggresjons- og valdsproblematikk. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med. På grunn av utfordrande og krevjande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. 👉 Søk no og bli med på laget vårt! Kva går jobben ut på? Sjukepleie og behandling tilpassa pasientens individuelle behov. Ansvarsvakt i eininga. Legemiddelhandtering. Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp. Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik. Handtering av utfordrande åtferd. Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring. Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus. Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: er robust og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver trivst i eit aktivt og travelt miljø samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø etterspør rettleiing og er lojal til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Du får sikkerheitstillegg på kr 7 300 per år – som aukar til kr 10 700 etter to år. Etter eitt år får du ei ekstra friveke. Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring. Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke. Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad. Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø. Moglegheit for langvakter kvar 4. helg eller normalvakter kvar 3. helg. Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. Statens lånekasse slettar 25 000 kr av studielånet ditt etter at du har budd i Kvinnherad kommune i minimum 1 år. Kontaktinformasjon Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar,, Arbeidsstad Sjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5149980935 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free