Stipendiat ved Institutt for Sosialantropologi
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- June 25, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for Sosialantropologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet. Institutt for Sosialantropologi er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med ei brei orientering både etnografisk og tematisk. For tida har 17 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorar og 25 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv etnografisk forsking i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet er aktiv i faglege diskusjonar og offentleg formidling, for eksempel gjennom månadlege fagseminar med internasjonale gjesteforskarar, og arrangerer Fredrik Barth-forelesninga annakvart år (sjå Fredrik Barth-forelesningen UiB ). For vidare detaljar viser vi til instituttet sine nettsider: http://www.uib.no/antro. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vere avlagt innan fristen for søknaden. Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. Søkjarar må kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Søkjarar må kunne vise fagleg sjølvstende, evne til å planlegge og strukturere forskings- og undervisningsarbeide, og evne til å jobbe godt saman med andre. Motivasjon for å bidra til instituttet si undervisning og faglege utvikling, samt erfaring med undervisning, undervisningsassistanse på universitets- eller høgskulenivå og fagformidling, vil òg bli positivt vektlagd. Stillingas arbeidsstad er Bergen og kandidaten forventast å vera til stade ved Institutt for Sosialantropologi dagleg (med unntak av periodar med feltarbeid eller godkjend forskingsverksemd). Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: Stilling som stipendiat (kode 1017) med brutto årsløn kr. 593 700, -. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging. Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider pluss referanseliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjekt som komplementerer den eksisterande tematiske og regionale kompetansen i fagmiljøet og styrker den faglege profilen som eit bredt generalistinstitutt vil prioriterast. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa. Søknaden skal innehalde: Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. Prosjektskildring. CV. Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Relevante attestar. Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). Eventuelle publikasjonar. Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card